From Wikipedia, the free encyclopedia
Citroën er ein fransk bilprodusent, stifta i 1919 av André Citroën. Citroën er kjent for å vera tidleg ute med å ta i bruk avansert teknologi. Dei innførte til dømes framhjulsdrift så tidleg som 1934. Kjende modellar frå Citroën er 2CV, DS og CX. I dag er Citroën ein del av PSA Peugeot Citroën.
Citroën | |||
| |||
| |||
Bransje | Bilindustri | ||
---|---|---|---|
Skipa | mars 1919 | ||
Land | Frankrike | ||
Produkt | bil, elektrisk kjøretøy, nyttekøyretøy | ||
Nettstad | https://citroen.com/ (engelsk) |
Under fyrste verdskrig var André Citroën sjef for ein ammunisjonsfabrikk, men i 1919 starta han sitt eige føretak for å produsera bilar, i fabrikklokala som under krigen hadde vore nytta for ammunisjonproduksjon. Desse låg ved quai de Javel, XVème arrondissement i Paris. Den fyrste bilen hadde typebetegnelsen Type A og var den fyrste bilen som vart serieprodusert i Europa.
I 1924 innleia Citroën eit samarbeide med den amerikanske ingeniøren Edward Gowan Budd, som sidan 1899 hadde konstruert stålkarrosseri til jarnbanevogner. Budd konstruerte òg stålkarosseri for mange bilfabrikkar og hadde i særleg grad arbeid for Dodge. I 1925 innførte Citroën det fyrste europeiske bilen med stålkarosseriet.
I starten hadde Citroën stor suksess med stålkarosseria sine, men etter ei tid byrga konkurrentane, som framleis nytta trekarosseri, å gje bilane sine meir aerodynamsik form. Dette tvinga Citroën til å vidareutvikla karosseria sine og gje dei ein meir moderne utsjånad.
Citroën sin strategi var å selja bilane sine billig, men dette førte samtidig til dårleg forteneste og den økonomiske stoda i byrjinga av 30-åra var kritisk for Citroën. I staden for å diskutera refinansiering med banken (la banque Lazard) bestemte han seg for å freista lukka med å lansera ein ny og revolusjonerande modell med framhjulsdrift. Denne modellen var så langt framom konkurrentane at det tok dei 15 år å ta att førespranget. Denne bilen vart ein kommersiell suksess, men utviklingskosnadane hadde kosta Citroën dyrt. I 1935 vart Citroën kjøpt opp av Michelin og Pierre-Jules Boulanger tok over leiinga etter André Citroën.
I dei fyrste åra organiserte André Citroën fleire ekspedisjonar for å skapa publisitet om bilane sine. Desse ekspedisjonane, som vart leia av Georges-Marie Haardt og Louis Audouin-Dubreuil gjekk gjennom veglause område og nytta bilar utstyrte med belte av typen Citroën-Kégresse.Den fyrste ekspedisjon kryssa Sahara i 1922.
Mellom 1924 – 1925 kryssa ein ekspedisjon, kjent som la croisière noire (den svarte ekspedisjonen), Afrika og mellom 1932–1933 for ein ekspedisjon frå Libya til Kina. Målet med desse ekspedisjonane var å syna kor pålitelege Citroën-bilane var. For å sikra seg mest mogleg omtale hadde André Citroën sendt med journalistar som filma undervegs.
André Citroën lånte òg bort bilar til oppdagaren Richard Byrd, som han nytta på ein ekspedisjon mot Sørpolen i 1934. Ein freistnad på å kryssa Kanada, la croisière blanche (den kvite ekspedisjonen) i 1934, enda i total fiasko.
La croisière noire (28. oktober 1924 – 26. juni 1925) hadde med åtte Citroën-bilar utstyrte med Kégresse-Hinstin-belter, som nytta gummirullar.
Turen, som var på 28 000 km, tok til i Colomb-Béchar i Algeria og gjekk via Niger, Tsjad, Den sentralafrikanske republikken og Kongo. Då dei nådde Kampala, vart ekspedisjonen delt i fire grupper, som tok vegen om Mombasa, Dar-es-Salaam, Mosambik og Cape Town, for så å møtast att ved Indiahavet og i Antananarivo på Madagaskar.
La croisière Jaune (4 april 1931 – 12 februar 1932), som gjekk frå Beirut til Beijing var ein ekspedisjon som skulle «opna silkevegen for biltrafikk». Turen, som var på 30 000 km, gjekk via den historiske regionen Turkestan i Sentral-Asia, Xinjiang og Gobiørkenen.
Ekspedisjonen var sett saman av to grupper. Den eine, som starta i Beirut og for gjennom Sentral-Asia vart kalla «Parmir-gruppa» og den andre som starta i Tianjin vart kalla «Kina-gruppa». Dei to gruppene skulle møtast i Xinjiang.
Parmir-gruppa, som var på 24 personar og seks Citroën P17 utstyrte med belte av typen Kégresse-Hinstin, nådde fram til Aksu den 8. oktober 1931, der dei møtte Kina-gruppa. Dei to gruppene heldt fram i retning Beijing, dit dei kom fram den 12. februar 1932. Reisa gjennom Xinjiang hadde vore svært strabasiøs, på grunn av krigshandlingane som pågjekk der på denne tida.
Haardt, som var sterkt svekka av influensa døydde av lungebetennelse i Hong Kong den 15. mars 1932.
Returen til Beirut var planlagt til å gå via Hanoi, Saïgon, Bangkok, Kolkata, Delhi, Quetta, Isfahan, Bagdad og Damaskus, men på grunn av den ustabile politiske stoda i Sovjetunionen og Afghanistan måtte reiseruta leggast om til Kashmir, der dei kom opp i ei høgd på 5000 meter.
Denne ekspedisjonen vart seinare dramatisert i form av fyljetongen la cloche tibétaine (den tibetanske klokka).
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.