Fabrikkeigar og politikar From Wikipedia, the free encyclopedia
Christian Petersen (12. april 1848–2. november 1948) var ein dansk-norsk fabrikkeigar og politikar, fødd i Sundeved i Sønderjylland i Danmark.
Christian Petersen | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 12. april 1858 |
Død |
2. november 1948 (90 år) |
Yrke | gründer |
Språk | norsk |
Petersen var son til ein teglverkseigar. Sjølv gjekk han i 1875-76 ein fagskule i tekstilindustri i Limbach i tyske Sachsen. Han flytta så til Bergen og grunnla i 1879 J. & C. Petersen trikotasjefabrikk på Hop i Fana, eit firma han og eit syskenbarn dreiv til 1886. Året etter vart han direktør i det nystarta aksjeselskapet Petersen & Dekkes trikotasjefabrikker i Bergen. I 1896 starta han opp ein sjølveigd kjoletøyfabrikk i Eidsvåg i Åsane, den fyrste i sitt slag i Noreg. Seinare grunnla han filialfabrikkar i Sverige.
Petersen var medlem i bystyret i Bergen 1898-1901 og 1913-16. Valperioden 1922-24 representerte han Bergen by og partiet Høgre på Stortinget, der han var medlem av Tollkomiteen.
Han var medlem i tolltariff-kommisjonane av 1903 og 1915, samt i fossefall-kommisjonen av 1911. Formann 1906-12 i Bergens Haandværks- og Industriforening.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.