Cecilie
kvinnenamn / From Wikipedia, the free encyclopedia
Cecilia og Cecilie er kvinnenamn avleidd frå det latinske Caecilia, hokjønnsforma av slektsnamnet Caecilius. Slektsnamnet er igjen danna av det latinske adjektivet caecus, 'blind'. Namnet er utbreidd i den kristne verda på grunn av den populære helgenen Cecilia, og har også vore mykje brukt blant europeiske kongelege. Cecilie har norsk namnedag den 22. november.
Namna finst med ei rekke skrivemåtar, som Cecillie, Cæcilie, Sesilie, Cesilie og Secilie, og med a-endingar på desse. Den franske forma av namnet er Cécile og den engelske Cecily. Namna har ei rekke kortformer, som Silje, Sissel, Celia, Sheila, Silke og Zilla.