Prinsesse Catherine av Wales (fødd Catherine Elizabeth Middleton, 9. januar 1982), før ho blei gift kjend som Kate Middleton, er kona til prins William, hertug av Cambridge, som er nummer to i den britiske tronfylgja.

Kate Middleton kjem frå Berkshire, og er eldst av tre sysken. Ho trefte prins William på University of St Andrews i Skottland, og dei var kjærastar i fleire år. Trulovinga vart kunngjort den 16. november 2010, og bryllaupet stod i Westminster Abbey den 29. april 2011. Trulovingsringen som Kate fekk av William var den same som prinsesse Diana av Wales hadde hatt. Ved giftarmålet fekk Catherine tittelen «hertuginne av Cambridge».[1]

Den 22. juli 2013 vart Catherine og William foreldre til George, 2. mai 2015 fekk dei dottera Charlotte,[2] og 23. april 2018 sonen Louis.[3]

Sjå òg

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Wikiwand in your browser!

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.

Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.