norsk kjøpmann og eidsvollsmann From Wikipedia, the free encyclopedia
Carl Peter Stoltenberg (28. januar 1770–13. november 1830) var ein norsk kjøpmann og eidsvollsmann.
Carl Stoltenberg | |||
| |||
Fødd | 28. januar 1770 Re kommune | ||
---|---|---|---|
Død | 13. november 1830 (60 år) | ||
Statsborgar av | Noreg | ||
Parti | sjølvstendepartiet | ||
Yrke | politikar, forretningsdrivande | ||
Barn | Matthias Stoltenberg | ||
Alle verv |
|
Stoltenberg var fødd i Undrumsdal i Våle i Vestfold, far hans var prest. Sjølv slo han seg ned i Tønsberg som kjøpmann. I mange år sat han i forlikskommisjonen i byen.
I 1814 var Stoltenberg utsending frå Tønsberg til riksforsamlinga på Eidsvoll. Der høyrde han til sjølvstendepartiet. Han var elles med i finanskomiteen. Også på det overordentlege storting 1814 var han representert. 10. oktober 1814 var han medlem av deputasjonen som møtte Kristian Fredrik. Stortingsrepresentant for Tønsberg også i 1815-16, medlem av ti komitear. Mellom dei var komiteen om finans-, skatte-, bank- og pengevesen og komiteen om bergverkslova og Kongsberg Sølvverk. I 1824 representerte han Tønsberg og Holmestrand på Stortinget. Han var då medlem av tollkomiteen, protokollkomiteen og komiteen om kjøpstadskatten.
Stoltenberg døydde i Tønsberg i 1830. Han var far til Matthias Stoltenberg.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.