From Wikipedia, the free encyclopedia
Cape Robinson er eit nes på austenden av Cole Peninsula, mellom Cabinet- og Millfjorden på Foyn Coast i Graham Land i Antarktis. Sir Hubert Wilkins flaug langs denne kysten den 20. desember 1928 og kalla ei øy opp etter W.S. Robinson frå London og Australia. Han rapporterte at denne låg kring 67°20′S 61°40′W. Utan fotografi av denne øya av Wilkins har ein ikkje funne att kva han såg. Namnet har derfor i staden vorte nytta om austenden av halvøya som ligg ved den posisjonen han skildra. Neset vart kartlagt av Falkland Islands Dependencies Survey (FIDS) og fotografert frå lufta av Ronne antarktiske forskingsekspedisjon (RARE) i 1947.
Cape Robinson | |||
nes | |||
Land | Antarktis | ||
---|---|---|---|
Stad | Graham Land | ||
- koordinatar | 66°52′S 63°43′W | ||
Administrert under | Antarktistraktaten | ||
Cape Robinson 66.8667°S 63.7167°W | |||
Plasseringa til Foyn Coast på Den antarktiske halvøya.
| |||
Denne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Cape Robinson» (innhald frå Geographic Names Information System).
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.