![cover image](https://wikiwandv2-19431.kxcdn.com/_next/image?url=https://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/a/ad/Sporting_CP_vs_CSKA_Moscow_2005-05-18.svg/langnn-640px-Sporting_CP_vs_CSKA_Moscow_2005-05-18.svg.png&w=640&q=50)
CSKA Moskva
From Wikipedia, the free encyclopedia
CSKA Moskva (russisk: Профессиональный футбольный клуб ЦСКА Москва) er eit idrettslag i Moskva i Russland. Laget, som vart stifta i 1911, har i alle år vore knytt til det sovjetiske og russiske militærvesenet.
![Thumb image](http://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/a/ad/Sporting_CP_vs_CSKA_Moscow_2005-05-18.svg/320px-Sporting_CP_vs_CSKA_Moscow_2005-05-18.svg.png)
Fotballklubben CSKA har spelt i den sovjetiske og sidan i den russiske toppserien i fotball, sidan den fyrstnemnde kom i gang i 1923. Frå 1946 til 1991 vart klubben sju gongar seriemeistrar i Sovjetunionen. CSKA har sidan 2003 vunne fem russiske seriemeisterskap, det siste i 2014.
Høgdepunktet for fotballklubben CSKA Moskva er sigeren i UEFA-cupen i 2005, då det vart 3-1 over Sporting Lisboa. Finalen vart spelt på heimebana til Sporting, Estadio Jose Alvalade, og Sporting tok leiinga. Utover i andre omgang skåra CSKA tre gongar og snudde kampen. Det var fyrste gongen eit russisk lag vann ein av europacupane i fotball. Spelarar som Aleksej Berezutskij, Jurij Zjirkov, Ivica Olić, Sergej Ignasjevitsj og Chidi Odiah hadde sentrale roller i meisterlaget.
Heimebana til fotballklubben er Torpedo Eduard Streltsov som tek 13 200 tilskodarar. CSKA spelar i raude trøyer og mørkeblå bukser.