C-type-asteroide
From Wikipedia, the free encyclopedia
C-type-asteroidar er karbonhaldige asteroidar. Dei er den mest vanlege asteroidetypen og utgjer 75 % av alle kjente asteroidar. I det ytre av hovudbeltet utanfor 2,7 AE utgjer dei ein enda større del. Mengda av C-type-asteroidar kan vera større sidan C-typen er mykje mørkare enn dei fleste andre asteroidar bortsett frå D-typen samt andre typar som berre er vanlege i det aller yttarste av hovudbeltet.