Céret
From Wikipedia, the free encyclopedia
Céret (katalansk Ceret) er ein liten by og kommune sør i Frankrike. Han er sous-préfecture (underprefektur) i departementet Pyrénées-Orientales i regionen Languedoc-Roussillon, og har om lag 7 747 innbyggjarar (2016).[1]
Céret | |||
---|---|---|---|
Hovudgata i Céret | |||
| |||
Styresmakter | |||
Land Region Departement |
Frankrike Languedoc-Roussillon Pyrénées-Orientales | ||
Geografi | |||
Flatevidd | 37,86 km² | ||
Flatevidd - By |
37,86 km² | ||
Innbyggjarar - By (1999) - folketettleik |
7 747 192/km² | ||
Koordinatar | 42°29′N 2°45′E | ||
Høgd over havet | 154 m | ||
Tidssone - Ved sommartid |
CET (UTC+1) UTC+2 (UTC) | ||
Diverse anna | |||
Postnummer | 66400 | ||
Heimeside: www.ceret.fr |
Byen ligg ved foten av Pyreneane, og er mest kjend for eit museum med moderne kunst, som har mange bilete og skulpturar av Pablo Picasso og andre impresjonistar. Cafe Pablo i byen er tileigna Picasso, og Grand Cafe, som framleis finst i dag, var ein møtestad for mange kjende kunstnarar på byrjinga av 1900-talet.
Området rundt Céret er ein stor produserer mykje frukt, og er særleg kjend for kirsebæra. Dei første bæra som vert plukka kvar sesong vert etter tradisjonen sende til den franske presidenten. Céret har ein årleg kirsebærfestival, og ein konkurranse i å spytte kirsebærsteinar så langt som mogeleg.
Céret har òg eit årleg okseløp, der unge oksar spring etter menn og damer i gatene. Personar, gjerne fyrt opp på den lokale vinen med tradisjonelle katalanske klede i raudt og gult, spring etter oksane i eit forsøk på å få tak i halen til oksane og å halde fast så lenge som mogeleg.