Byfjorden ved Tønsberg
fjord i Tønsberg / From Wikipedia, the free encyclopedia
Byfjorden er ein fjord i Tønsberg kommune i Vestfold. Han utgjer den inste delen av Tønsbergfjorden, som igjen er ein sidefjord i Oslofjorden, og går mellom Kanalen i Tønsberg, Tønsberghus og Jarlsberg travbane. Inst i fjorden ligg Iljane våtmarksområde og naturreservat, skipa i 1985. Ved kanalen ligg Kanalbrua, ei vippebru for biltrafikk opna i 1957, og i Ollebukta er det ei småbåthamn. Mellom restaurantane, mediehuset og gjestehamna på brygga i byen og Kaldnes på Nøtterøy-sida går Kaldnes bru, ei gangbru som opna i 2005. På området etter Kaldnes Mekaniske Verkstad, eit skipsverft i drift frå 1899 til 1984, er det reist høge bygg med leilegheiter.
Kjappe fakta Land ...
Byfjorden | |||
Tønsbergfjorden sett frå Slottsfjellet. Agility Groups verft på Kaldnes til venstre, Ilene til høgre, med Jarlsberg Travbane og utløpet av Aulielva i bakgrunnen. Foto: 2008 | |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
![]() Byfjorden 59.27084806°N 10.38716611°E / 59.27084806; 10.38716611 |
Lukk
![Thumb image](http://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/3/36/Oseberg_hotell_sm%C3%A5_langskip_T%C3%B8nsberg_havn_Norway_2015-09-25_distorted_panorama.jpg/640px-Oseberg_hotell_sm%C3%A5_langskip_T%C3%B8nsberg_havn_Norway_2015-09-25_distorted_panorama.jpg)