bustad med fleire einingar From Wikipedia, the free encyclopedia
Bustadblokk er nemninga på hus i fleire høgder med fleire husvære. Byggjeforma er vanleg i byar og i nærleiken av byar. Bustablokker kan ligge fritt i terrenget, eller vore bygd saman med kvarandre til bygardar, til dømes langs gater og vegar.
Etter moderne byggjemetodar kan mykje av ei bustadblokk setjast saman av element som er gjort ferdig på fabrikk og frakta til byggjeplassen, der dei vert heiste på plass. Til dømes er det no vanleg at heile, ferdig innreidde baderom vert installert i blokka, jamvel om resten av blokka vert bygd på tradisjonelt vis.
Bustadblokker tilhøyrer vanlegvis burettslag der medlemane har rett til kvar sitt husvære. Eigedomen kan også vere delt opp i sjølveigarseksjonar der kvar og ein er eigar av sitt husvære og elles eig resten av eigedomen i sameige, eller heile blokka kan ha ein eigar som leiger ut husværa.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.