![cover image](https://wikiwandv2-19431.kxcdn.com/_next/image?url=https://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/c/cf/Burtr%25C3%25A4sk_vapen.svg/langnn-640px-Burtr%25C3%25A4sk_vapen.svg.png&w=640&q=50)
Burträsk
From Wikipedia, the free encyclopedia
![Thumb image](http://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/c/cf/Burtr%C3%A4sk_vapen.svg/150px-Burtr%C3%A4sk_vapen.svg.png)
Burträsk er ein tettstad i Skellefteå kommun i Västerbottens län i Sverige. I 2005 hadde tettstaden 1 632 innbyggjarar og eit areal på 1,83 km².[1] Burträsk ligg cirka 38 kilometer sørvest for Skellefteå. Burträsk var tidlegare eigen kommune, men blei slått saman med Skellefteå i samband med den svenske kommunereforma i 1974. Tettstaden Burträsk ligg ved innsjøen Burträsket. Staden har ein godt utbygd handels- og servicenæring. Foruten sjukeheim og skular er dei største arbeidsplassane Snidex snickeri og Norrmejerier der Västerbottensost blir produsert.