Burkitt-lymfekreft eller Burkitt-lymfom er ein lymfekreft frå B-seller. Sjukdomen er i mange tilfelle knytt til både Epstein-Barr-viruset og malariaparasitten Plasmodium falciparum og er særskilt vanleg hjå born i eit belte kring ekvator i Afrika.[1][2]
Burkitt-lymfekreft vert delt opp i tre grupper:[3][4]
- endemisk, finst i hovudsak i Afrika og er sterkt knytt til EBV-viruset
- sporadisk, den vanlegaste forma utanfor malariaområde; kring 20 % av pasientane testar positivt for EBV[1]
- immunsvikt-knytt, i hovudsak hjå HIV-infiserte pasientar; kring 30 til 40 % av pasientane testar positivt for EBV[1]
Hjå alle tre formene for Burkitt-lymfekreft er genet MYC flytta, og ei mogeleg rolle til EBV-viruset er å hindra apoptose ved ei slik genflytting.[2][4]
Burkitt-lymfekreft vart fyrst skildra av den britiske kirurgen Dennis Burkitt i 1958 frå pasientar i Kampala i Uganda. Epstein-Barr-viruset vart oppdaga i 1964 i ein vevsprøve frå ein svulst frå ein ugandisk pasient med Burkitt-lymfekreft.[1][2]
Kjelder
Wikiwand in your browser!
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.