Bunden rotasjon
From Wikipedia, the free encyclopedia
Bunden rotasjon tyder at ein himmellekam som går i bane rundt ein annan, roterer slik om sin eigen akse at han heile tida vender same side mot sentrallekamen. Det vil seie at rotasjonstida er lik omlaupstida.
Månen har bunden rotasjon til Jorda. Dei fleste andre månane i solsystemet har au bunden rotasjon på grunn av tidevasskrefter, og hos nære dobbeltstjerner synest bunden rotasjon å vere det normale for begge komponentane.