pattedyrart From Wikipedia, the free encyclopedia
Brunrotte (Rattus norvegicus) er truleg den arten dei fleste tenkjer på som ei typisk rotte. Ho høyrer til musefamilien, men kan bli 29 cm lang.
Brunrotte | |
Brunrotte | |
Utbreiing og status | |
Status i verda: Livskraftig Status i Noreg: Livskraftig Utbreiinga av brunrotte | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Pattedyr Mammalia |
Orden: | Gnagarar Rodentia |
Familie: | Musefamilien Muridae |
Slekt: | Rotte Rattus |
Art: | Brunrotte R. norvegicus |
Vitskapleg namn | |
Rattus norvegicus Berkenhout, 1769 |
Brunrotta formeirar seg raskt. Hoa går drektig i berre 21 dagar og får 8-15 ungar i kvart kull. Ungane vert kjønnsmodne etter eit par månader. Kvar horotte får fire til sju kull per år. Ei rotte lever typisk i om lag eitt år, men dette kan variera mykje med tilhøva.
Arten stammar frå tempererte delar av Asia, men kom til Europa alt i mellomalderen, til Noreg kring 1750.
Det viskaplege namnet norvegicus fekk arten av di det individet som vart brukt til den første vitskaplege skildringa av han, hadde kome til London med eit norsk skip.
Viss ho kan, trekkjer brunrotta innomhus når hausten og vinteren kjem. Rotter kan «invadera» bygningar, også bustadhus. I tillegg til skadane dei påfører bygningar og innbu, førar rotter ofte med seg svært vond lukt. Dei kjem seg som regel inn gjennom kloakksystemet, og kan vera svært vanskeleg å bli kvitt.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.