Ver helsa! Velkommen til Wikipedia, takk for to fine artiklar, og eg håper du vil vera med oss vidare. -- Ranveig 25. mai 2005 kl. 2322 (UTC)
Velkommen ombord frå meg òg! Her er det berre å pøse på med sakkunnskap og vera med på oppbyggjinga av verdas første generelle internettbaserte leksikon på nynorsk! Gler meg til å sjå kva du kjem til å skrive om.:-) Eit lite (men viktig) tips: Når du skriv innlegg på diskusjonssider er det lurt å signere og datere innlegga dine. Dette kan du gjera heilt automatisk om du berre skriv inn fire krøllstrekar — slik: ~~~~. Det blir sjåande omlag slik ut når sida blir lagra: Olve 26. mai 2005 kl. 0315 (UTC)
Takk for det, eg vil gjerne vere med. Eg vonar de er fleire som ser over artiklane slik at dei vert betre. Eg la merke til at artikkelen eg skreiv om saltvatn ei tid tilbake no hadde fått fleire lenker. Det er bra!
Hei og velkomen! Du ser kanskje at eg endra såvidt på artikkelen din om denne fossen. Det er vanlegvis ikkje naudsynt med ein ekstra artikkel dersom ein stad har to (eller fleire namn). I staden har ein artikkelen på eitt av dei, og omdirigerar frå resten. Deretter er det berre å nemne dei formene ein vil i sjølve artikkelen. Dette gjer det òg lettare å halde informasjonen ved like. Sånn som det var, kunne ein ha risikert at nokon gjekk inn på artikkelen om Øvsthusfossen og skreiv inn tilsvarande informasjon som den som står i Steinsdalsfossen. Håpar dette var greit for deg. -- Larsivi 27. mai 2005 kl. 0707 (UTC)
Ja, dette var ei fin løysing. Eg kunna vald å setje meg inn i alle reglar før eg skreiv, men då hadde eg nok aldri byrja skrive. Eg håpar det er greit at eg praktiserer lærdom via handling. Hogne 27. mai 2005 kl. 1158 (UTC)
Hei Hogne, fint å sjå kor mykje fint arbeid du gjer! Når det gjeld artiklar om tidsrekning, så er det greitt å hugse på at vi skal skrive mest muleg vidsynt. Den gregorianske kalenderen er i bruk i dei fleste samanhengar i den vestlege verda i dag. Men når vi skriv om tidsrekning er det viktig å hugse på at den gregorianske kalenderen ikkje «er tida», men eitt av fleire tidsrekningssystem som er i bruk om kvarandre. Om du ser på endringane eg gjorde i artikkelen år, så ser du nok omlag kva eg meiner. Tilsvarande er det i artikkelen måneår viktig å få med seg at måneåre ikkje «er kyrkjekalenderen», men at kyrkjekalenderen er eitt av fleire eksempel på måneår. Her bør òg det jødiske året og det muslimske året nemnast. Vi skal i det heile teke skrive nøytralt og vidtfemnande. Tak gjerne ein titt på artiklane på Engelsk Wikipedia som ein peikepinn. Alt i alt tykkjer eg no elles at du gjer ein svært god innsats. Tenkte berre eg skulle nemne dette...:) Olve 28. mai 2005 kl. 2355 (UTC)
Hei Hogne, fint at du tek deg tid til å finne fine bilete og å be opphavsretthavarane om løyve til bruk. No er det eitt problem: For at bileta skal vera lov å bruke her, lyt du innhente løyve ikkje berre til å bruke bileta éin gong i ein spesifikk artikkel. Løyvet lyt vera for frigjeving av biletet under GNU-FDL eller liknande. Det vil seie at biletet er frigjeve til uavgrensa bruk av alle wikipediaene og at alle som vil kan kopiere biletet for eigen privat eller kommersiell bruk, så lenge dei oppgjev kjelda på rett vis. Dette er viktig fordi heile Wikipedia skal vera utgjeve under fri dokumentasjonslisens. Forslag til form for førespurnad:
Kjære [_namn_],
Eg vil med dette be om løyve til å bruke biletet [_biletreferanse_]
på Nynorsk Wikipedia ( http://nn.wikipedia.org ).
Alle bileta der lyt vera frigjevne under fri dokumentasjonslisens —
det vil seie at bileta kan brukast fritt på alle wikipediaprosjekt
og at alle kan kopiere biletet vederlagsfritt til eigen bruk,
inkludert i kommersiell samanheng, så lenge dei oppgjev kjelda på rett vis.
Vi kan berre bruke dette biletet på føresetnad av at det blir frigjeve
for slik bruk.
Fordelen for deg som opphavsretthavar er:
* Du vil bli kreditert som fotograf.
* Biletet vil verke som PR for det saka gjeld.
Ser fram til å høyre frå deg!
Beste helsing frå oss på Nynorsk Wikipedia (det frie oppslagsverket), ved
[_sign_]
Dette standardbrevet er berre eit utkast eg laga akkurat no. Det er fritt fram for deg og andre til å justere tekst og innhald, og så kan vi kanskje leggje ut standardbrevet ein stad etterpå. Ved bruk kan ein sjølvsagt leggje til ting — særleg om ein skriv til folk ein kjenner. Men alt som står her børe vera med på tydeleg vis, slik at det ikkje er nokon tvil om kva personen seier ja til...:) Olve 1. jun 2005 kl. 2011 (UTC)
Eit standardbrev er bra, og dette er ein god start. Men eg vil gjerne vente med å sende ut det, til nokre fleire har sett på dette og kome med sine kommentarar. GNU-FDL er ei lenkje som ikkje er bygd enno. Nokon med kompetanse må gjera det. Eg håpar bileta kan ligge ute inntil me har eit godkjent standardbrevet. Det er to krav til det 1) Det skal vere enkelt slik at fotografen ikkje blir skremt bort fordi han ikkje forstår kva han skriv under på 2) Det må vere vasstett i forhold til lova. Er det nokon jurist hjå brukarane her so hadde det vore ei trygge.
PS! Er dette ein debatt som kunne funne stad ein anna stad enn under diskusjon av Hogne?
Eg vonar det er greit at eg praktiserer lærdom via handling. Hogne 1. jun 2005 kl. 2044 (UTC)
Ja, eg kopierer det til Wikipedia-diskusjon:Opphavsrett og legg inn kommentaren min der. Læring via handling er kjempebra, då lærer du og heile Wikipedia-gjengen det me treng for å gjera oppslagsverket endå betre, som no ved denne diskusjonen. -- Ranveig 1. jun 2005 kl. 2100 (UTC)
Ein ting til, dei fleste bilete kan/bør lastast opp på commons.wikimedia.org i staden. Dei vil vere tilgjengeleg her som om dei skulle ha vore lasta opp her likevel. Dei to bileta du har lasta opp no, passar godt på Commons etter mi meining. -- Larsivi 1. jun 2005 kl. 2107 (UTC)
Når du lagar Fakta om-malar kan det vere lurt å bruke dei tala på Verdas land etter… i staden for tala der du omset frå, elles kan det bli litt rotete med to ulike rangeringar og to ulike tal. EIRIK\diskusjon 30. jun 2005 kl. 2103 (UTC)
Det var hyggjeleg å endeleg kunne møte ein wikipedant i det verkelege liv, sjølv om det "kun" var i anledning bryllaupet til felles kjente. Beklagelegvis fekk ikkje eg og mine anledning til å møte til ope hus i dag.
Når det gjeld det vi diskuterte i går kveld (opphavsrett for uinnvidde:) ), så vil eg gjerne formulere meg litt meir presist i forhold til dine argument rundt det å lage eit best mogleg (gjerne verdas beste) leksikon og biletbruk:
Eg trur målet for The Wikimedia Foundation er å lage eit best mogleg, fritt leksikon, fordi det er det som er i vår kraft å lage. Og når noko er fritt, så er det jo like mykje for at det skal kunne distribuerast fritt, som fritt lesast. Dersom ein då må sjekke om kvart einaste bilete er fritt (og allereie idag finnast det jo mange bilete på wikipedia!), kan ikkje leksikonet distribuerast fritt, og ein har difor øydelagd moglegheita for mange som ikkje får tilgang til Wikipedia utan at komersielle interesser ordnar opp, det vere seg mangel på internettilgang i regionen eller anna.
Ja, det var hyggeleg. Me sjølve måtte fly av garde same ettermiddag, so me fekk ikkje tid me heller sundagen. Me snakka med brura i etterkant og det hadde vore hyggeleg det òg.
Når det gjeld politikken, so må eg berre slå fast at me er usamde. Eg vil fortsette å arbeide for eit best mogeleg gratis nynorsk nettleksikon. Dine innvendingar er viktige, men kan la seg løysa med ein eigen katalog for bilete som kun kan nyttast innom Wikipedia.
No er det ikkje slik at kva du eller eg eller nokon annan enkeltperson her på Nynorsk Wikipedia meiner... Heile wikipediakonseptet som det er sett opp av hovudgrunnleggjaren av Wikipedia, Jimmy «Jimbo» Wales, er basert på at verket i sin heilskap skal vera GFDL-kompatibelt. Om du ser nedst på kvar einaste side av Nynorsk WP (og Svensk WP, Dansk WP, Tysk WP, Fransk WP osv., så finst det ei uttrykkjeleg melding der om at alt innhaldet er å rekne som utgjeve under GFDL. Da held det ikkje å laga unntak for bileta. Uansett kva du eller eg eller andre enkeltpersonar måtte synast. På Engelsk WP har dei vore litt slappe i praktiseringa av dette, og no strevar dei med å ordne opp i rotet. Kva du ønskjer å gjera på din eigen nettstad er sjølvsagt 100% opp til deg. Men her skal vi altså følgje reglane som dei er sett opp av grunnleggjaren av WP og slik det står uttrykkjeleg på kvar einaste side her at det skal vera. Olve 4. juli 2005 20:08 (UTC)
Eg skjønar det, Olve. Og eg lastar heller ikkje opp bilete som ikkje følgjer dagens reglar. No har det seg slik at Noreg i dag er ikkje slik som Eidsvollsmennene ein gong bestemte at det skulle vere. I dag har jødar tilgang til landet og kvinnene har røysterett. Eg opplev Wiki-prosjektet som demokratisk (gjer ikkje du, Olve?), og trur difor at eg har lov til å argumentere for det eg meiner er rett.
Me er begge samde om at me skal fylgje Noregs lovar (og alle andre lands også)!
Det er slik eg har forstått det, to goder som går mot ein annan her:
1) Alt arbeid skal kunne nyttast til kva som helst på ein enkel måte, f.eks. slik Larsivi skriv over at ein skal kunne laga ei papirutgåve nærast utan å redigere og selje til områder utan nettilgang.
2) At Leksikonet skal bli best mogeleg (igjen innanfor lova, sjølvsagt!)
Slik eg forstår det meinar du ikkje berre at reglar er til for å fylgjast, du meinar og at dagens reglar er rette. Eg meinar dei er galne.
Eg skjønar at eg veit for lite enno til å gå i argumentasjon med Jimbo, men takk for at eg får bryna argumenta mine på deg.
Hogne 4. juli 2005 21:10 (UTC)
Eg likar analogien til Eidsvollsmennene, men eg trur likevel at det vart gale. Dette er ikkje på linje med å lata kvinner få røysta og jødar og jesuittar få tilgjenge til riket. Dette er på linje med å prøva å sprenga vekk Dovre. --Jorunn 4. juli 2005 21:58 (UTC)
Trur Jorunn har 100% rett her: GFDL-kompatibilitet er Dovrefjellet i dette prosjektet. Det blir ikkje rett å skulde meg og andre for å vera udemokratisk berre fordi vi godtek at Wikipedia har visse grunnleggjande spelereglar (grunnfjell, om du vil). Eg har allereie sagt at du står heilt fritt til å laga dine eigne sider og/eller ditt eige prosjekt slik du sjølv vil. (Akkurat som mange av oss her har eigne nettstader med andre retningsliner.) Her bør du derimot halde deg til intensjonen for dette prosjektet. Det blir sportslegast på det viset, om du skjøner kva eg meiner...:] Olve 5. juli 2005 01:05 (UTC)
Biletet her er lagt inn under det som på bokmål heiter: Dette bildet er underlagt opphavsrett. Eieren av rettighetene tillater at dette brukes av Wikipedia, men ikke til andre formål.
Ein regel som eg støttar fullt ut, men som juntaen her på nynorsk wikipedia har bannlyst. Noko som i sin tur gjer at det ikkje finst bilete av kjente personar på nynorsk wikipedia, sjølv om organisasjonane som dei jobbar for synest det er ein god idé å ha biletet her. Det dei ikkje godtek er at bileta også skal kunna nyttast i reklame for tobakk, landminer og anna komersiell faenskap. Juntaen meinar det også skal tillatast. Dette gjeld mellom anna biletet av Noregs nye statsminister Jens Stoltenberg, kor Arbeiderpartiet ville ha biletet på Wikipedia, men ikkje samtidig kunne godta at biletet skulle kunne nyttast av alle andre komersielle aktørar.
Det er difor all mogeleg grunn til å tru at dette biletet må ha ei anna klassifisering, eller fjernast...diverre! Hogne 16. okt. 2005 kl. 18:55 (UTC)
Ja, jeg støtter også det du sier. Jeg har nå lagt ut en del gode bilder på Wikipedia, men vurderer å trekke alle tilbake. Profero 16. okt. 2005 kl. 21:39 (UTC)
Det var da veldig til språkbruk, Hogne...! Kan ikkje sjå at du kan oppnå noko konstruktivt ved å kalle dei du er ueinig med «junta» og liknande. Når det gjeld bruk av bilete i krenkjande og/eller misvisande samanheng, så finst det andre delar av lovverket som tek seg av dette. Men ro deg ned nokre hakk no, så kan vi sjå om vi kan snakke saman på skikkeleg vis. -- Olve 20. okt. 2005 kl. 21:22 (UTC)
I Brukar:Roarjo/Fotografiske bilete i Wikipedia-artiklar skriv ein at:
Føremon med GFDL
For fotografar som ikkje vil at bileta deira skal rivast ut av artikkelteksten og nyttast kommersielt (utanfor Wikimedia systemet) kan GFDL vere eit bra val. Lisensen er så komplisert og så retta mot tekst (bokverk) at bilete vanskeleg kan nyttast av andre om det vert rive laus frå teksten. (Håpar eg ikkje tar feil.)
Min kommentar!
Kan nokon stadfeste at GFDL vernar bileta mot det Profero og Hogne er redd for ovanfor?
Kjære [_namn_],
Eg vil med dette be om løyve til å bruke biletet [_biletreferanse_]
på Nynorsk Wikipedia ( http://nn.wikipedia.org ).
Til biletet har vi tenk å nytta fygjande tekst:
Eksempel: "Biletet viser Senterpartiets partilogo. Biletet er gitt til Wikipedia
av Senterpartiet og biletet er tatt av [-Fotografnamn-]. " Me kan vere viljuge til
å diskutere ordlyden i denne teksten.
Lisensen GFDL sikrar at denne teksten alltid vil fylgje biletet dersom det blir henta
frå Wikipedia.
Alle bileta i Wikipedia lyt vera frigjevne under fri dokumentasjonslisens —
det vil seie at bileta kan brukast fritt på alle wikipediaprosjekt
og at alle kan kopiere biletet vederlagsfritt til eigen bruk,
inkludert i kommersiell samanheng, så lenge dei oppgjev kjelda på rett vis.
Vi kan berre bruke dette biletet på føresetnad av at det blir frigjeve
for slik bruk.
Fordelen for deg som opphavsretthavar er:
* Du vil bli kreditert som fotograf.
* Biletet vil verke som PR for det saka gjeld.
Ser fram til å høyre frå deg!
Beste helsing frå oss på Nynorsk Wikipedia (det frie oppslagsverket), ved
[_sign_]
Og til slutt vil eg berre nemne at sjølv gjennom Dovre er det sprengt ut ein og annan tunell. ;=) Hogne 20. okt. 2005 kl. 20:43 (UTC)
Det kan vera interessant å ta ein kikk på denne diskusjonen på no.wiki. Spørsmålet mitt var eigentleg noe anna, men diskusjonen blei litt parallell til denne. Det er tydeleg at andre som brukar Wikipedia som kjelde automatisk reknar med at bilda publisert kan brukast av andre. --KRISTAGAα-ω 20. okt. 2005 kl. 22:01 (UTC)
Hei sann! Eg har skrive noko meir om Odda. Har du idear til utdjuping eller omstrukturering? --Gunnernett 21. mars 2006 kl. 14:26 (UTC)
Eg synest det ser bra ut. Eg veit diverre for lite om Odda til at eg kan sei kva som manglar. Eg ser at ein på Bokmål har eigne kapittel for industri og turisme, men kva veit me om noverande industri og turisme i kommunen? Eg omsette artikkelen om Tyssedal Kraftanlegg men eg ser no at det allereie er ein artikkel om Tysso I, desse bør samordnast. Dersom nokon som hadde lese "Blind" av Seljestasd kunne skrive to setningar om dennes tilknytning til bygda, hadde jo det vore bra. Eg trur alti i alt at Odda no er god nok til å settast som vekas artikkel Hogne 21. mars 2006 kl. 21:22 (UTC)
Hei Hogne!Det var fint du laga liste over bøkene Sørebø skreiv, men hugsar du kva kjelde du bruka? Om ikkje har eg no forlagets si eiga liste, så farleg er det ikkje. --Anders 28. april 2006 kl. 10:49 (UTC)
Eg siterte NRK. Kan godt vere at det er betre å nytta forlaget. Hogne 28. april 2006 kl. 11:11 (UTC)
Fint du tek deg bryet med å legge inn interwikipeikarar. Hugs berre at me legg inn no:/nb:, sv: og da: øverst, i den rekkefølgja. Legg også gjerne inn ei påminning om det over interwipeikarane, med {{liminn:skanwiki}}. --Ekko 08:31, 20 mai 2007 (CEST)
Hei, eg har prøva å forandra rettighetane til; Jernvinne yngre jernalder, Telemark.JPG. Veit ikkje heilt om eg har fått det til. Men bilete er tatt av meg, og kan nyttast og kopierast og meir. --Kjetil Loftsgarden 11:59, 29 juni 2007 (CEST)
Alt skal vere i orden no. Allerhelst skal slike bilete ligge på Commons, men det kan vi ta seinare. Fint at du bidrar! Hogne 12:01, 29 juni 2007 (CEST)
Eg trur ikkje det blir mindre raudt på sporvogn enn det eg fjernar ): altså var det eit dårleg forslag. --Ekko 16:59, 13 juli 2007 (CEST)
Flott initiativ du tok overfor Hordaland Folkeblad. At du attpåtil poengterte at det er rom for forbetringar, var kjempebra. Ingen av oss hadde brydd oss om å skrive om vi ikkje meinte det var til gagn for wikipedia, og skal vi få fleire brukarar, er det slike initiativ som skal til! - Knut 22:19, 15 oktober 2007 (CEST)
function LinkFA()
{
if ( document.getElementById( "p-lang" ) ) {
var InterwikiLinks = document.getElementById( "p-lang" ).getElementsByTagName( "li" );
for ( var i = 0; i < InterwikiLinks.length; i++ ) {
if ( document.getElementById( InterwikiLinks[i].className + "-fa" ) ) {
InterwikiLinks[i].className += " FA"
InterwikiLinks[i].title = "God artikkel på dette språket.";
}
}
}
}
addOnloadHook( LinkFA );
Skal det stå dette:
// ============================================================
// BEGIN LinkFA
// ============================================================
function LinkFA()
{
var a;
// iterate over all <span>-elements
for(var i=0; a = document.getElementsByTagName("span")[i]; i++) {
// if found a FA span
if(a.className == "FA") {
// iterate over all <li>-elements
var b;
for(var j=0; b = document.getElementsByTagName("li")[j]; j++) {
// if found a FA link
if(b.className == "interwiki-" + a.id) {
b.style.padding = "0 0 0 16px";
b.style.backgroundImage = "url('http://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/c/cf/Cscr-featured.png/14px-Cscr-featured.png')";
b.style.backgroundRepeat = "no-repeat";
b.title = "Tilsvarende artikkel er utmerket på dette språket";
b.className += " FA";
}
}
}
}
}
aOnloadFunctions[aOnloadFunctions.length] = LinkFA;
// END LinkFA
// ============================================================
Mange fleire enn oss på Wikipedia tykkjer vel om biletet, gratulerer med mykje bruk av det. Ser forresten at Avisenes Nyhetsbyrå krediterer seg sjølve. Fleire andre nettaviser viser same meldinga, for eksempel Ås avis . Roar 20:16, 14 oktober 2007 (CEST)
Neste gong du flyttar ein artikkel må du hugsa å endra omdirigeringane og flytta diskusjonen. The Lord of the Rings hadde mange omdirigeringar, og når omdirigeringane vert doble verkar dei ikkje slik dei skal. --Tannkrem 19:02, 22 oktober 2007 (CEST)
Det finst ulike bottar som rettar på slikt no, så det er ikkje så farleg å laga til tull som det var tidlegare. Men det skadar sjølvsagt ikkje å retta opp for hand. --Ranveig 23:39, 22 oktober 2007 (CEST)
Tenkte du kanskje kunne vera interessert i denne...:-) Olve 03:24, 19 januar 2008 (CET)
Mange takk, eg skal ta tak i det! Hogne 09:37, 3 april 2008 (CEST)
Det er ofte slik at dei som jobber stilt og flittig ikkje blir lagt merke til og spurt om sakar og ting. Til dømes om dei vil bli administrator. Det er faktisk lov å føreslå seg sjølv, men eg forstår jo at ein nøler med slik framfusing. Derfor vil eg gjerne spørra om du har lyst til å bli administrator før eg føreslår det. --Ranveig 11:15, 23 april 2008 (CEST)
Ein god ide. Eg har jo alt stemt òg. :D --Frokor 11:17, 23 april 2008 (CEST)
Eg kan godt bli vaktmeister, som det vel eigentleg er snakk om? Eg kjem ikkje til å administrere eller avgjere ting, men å få tilgang til skikkelege kostar hadde vore fint. Hogne 11:56, 23 april 2008 (CEST)
Då er du oppgradert, men eg gjorde ein feil og oppgraderte deg til byråkrat i same slengen :S --Frokor 23:16, 24 april 2008 (CEST)
Det må da vere mogleg for byråkratar å nedgraderast igjen vel, med æra i behold sjølvsagd. De får berre sloss om kven... :P Anders 23:23, 24 april 2008 (CEST)
Eg skal berre virke som vaktmeister :D
Mange takk for tilliten, eg skal gjere mitt beste for ikkje å misbruke han! Hogne 23:31, 24 april 2008 (CEST)
Hehe, versågod. Eg skal sjå om eg får tak på ein steward. --Frokor 23:41, 24 april 2008 (CEST)
Hahaha! Du kan finna stewardar på meta. --Ranveig 23:51, 24 april 2008 (CEST)
Jepp, har lagt ein melding her så får me sjå kva som skjer. --Frokor 23:53, 24 april 2008 (CEST)
Det gjekk kjapt! Då er du berre vanleg vaktmeister igjen:-) --Frokor 23:56, 24 april 2008 (CEST)
Ja, sjå der. Eg rakk å sjå inn i saligheita, og er vel nøgd med å vere der eg er! Hogne 23:59, 24 april 2008 (CEST)
Nå er du blitt eier av brukernavnet Hogne også på :no. Haros 30. juli 2008 kl. 20:06 (CEST)
Artikkelteljaren din viser litt feil, den trekk ikkje frå høgnorskartiklane... Anders 4. september 2008 kl. 00:36
(CEST)
Eg var litt framfusen og retta opp denne... --Bep 4. september 2008 kl. 03:10 (CEST)
Takk for det! Hogne 4. september 2008 kl. 10:55 (CEST)
Takk for at du tek deg bryet med å retta opp i vriene teljarfeil! Eg voner at grunnen til at dei slår seg vrange er fordi kalendersystemet til Mediawiki er blitt oppdatert. Då eg laga dei var det nemleg slik at siste veka i året kunne bli veke 1 same året, og ikkje neste, om du er med. No ser det ut til at me kan sleppa unna med heilt enkle kodar. --Ranveig 2. januar 2009 kl. 13:39 (CET)
He, he, eg skal ikkje påstå at eg sjønar det, eg prøver meg fram til det ser fint ut i augneblikken, og då er det ofte slik at det meste av pluss og minus er blitt borte. Forklaringa di trur eg på! Godt nytt år til deg! Hogne 2. januar 2009 kl. 15:14 (CET)
You've got m@il!:-) --EIRIK\diskusjon 28. mars 2009 kl. 19:01 (CET)
Malen for søylediagram ble endret for å håndtere flere kolonner og er en kopi av malen som nå brukes på bokmål. Jeg har litt vanskelig for å se at det finnes noen god grunn for å rulle endringen tilbake, så jeg regner med at det var en annen grunn enn rent tekniske som lå bak. Det ligger nå data for en grafikk som viser veksten til nynorskutgaven for de siste ukene på Samfunnshuset, dere får finne ut om disse dataene skal presenteres eller om det finnes noen grunn for at dere ikke ikke ønsker å vise den. Jeblad 3. juli 2009 kl. 22:49 (CEST)
Grunnen til at eg rulla tilbake var at det vart rapportert berre feilmeldingar, istaden for søylediagrammet, på min skjerm. Såg det fint ut på din skjerm? Kan det vere noko som manglar av malar eller anna oppsett? Hogne 3. juli 2009 kl. 22:53 (CEST)
Eg skal ikkje tala for Hogne sine vegne, men eg tykkjer vanlegvis det er best at folk svarar på opprinneleg side, for å unngå at ein sprer diskusjonar. Det vert også lettare for andre sjå samanhengen då. Anders 3. juli 2009 kl. 23:00 (CEST)
Test
Antall artikler på Norsk (nynorsk) Wikipedia. Kolonner angir tall kl. 00:00 og løper fra 15. juni til 3. juni.
Kunne ikke kompilere EasyTimeline-innputt:
EasyTimeline 1.90
Timeline generation failed: 2 errors found
Line 21: bar:22.07 from:start till:199162
- Plotdata attribute 'till' invalid.
Date '199162' not within range as specified by command Period.
Line 36: bar:22.07 from:start till:170027
- Plotdata attribute 'till' invalid.
Date '170027' not within range as specified by command Period.
Mål om å nå 50000 artiklar innan 31. juli, 5-årsjubileet vårt. Grøn: Så mange artiklar me har i dag. Lys blå: Mål.
Me registrerer no i snitt 22,13 artiklar per døgn. (125436 sidan 15.1.2009)
Fortset me i dette tempoet, tar det −5 426,44 døgn før me når 50 000. Med andre ord vil me då passere 50 000 13. september 2009 07:31.
Jeg er en ungarkse Wikipedia-brukar, jeg heter Norbert (og jeg snakker ikke så bra på norsk). Kan du til meg hjelpe?
Jeg har en kort novella, nå har jeg denne på 105 språk. Jeg har en bokmål versjon, men ikke på nynorsk. Kan du gjør til meg en nynorsk versjon? Her er den bokmål-versjon:
Meg selv
Gammelt er mitt folk som jeg tilhører, vi er gamle, på denne jord. Jeg snakker et gammelt språk, språket til mitt eget. Jeg bor i et gammelt land, jeg har aldri bodd andre steder, og jeg hører hjemme her. Dette er meg, meg selv. Jeg er alene i den store verden. Jeg er alene, min nasjon gikk bort for lenge siden, bare jeg ble værende. Jeg snakker mitt gamle språk alene.
Jeg vandrer på veien som kalles liv, jeg spiser mitt brød og jeg drikker mitt vann alene. Det er meg som skriver bøkene mine, og det er jeg som leser dem. Jeg klatrer opp på fjellet bak huset mitt; jeg får fisken fra elva, som er foran huset mitt. Hver dag jeg går opp til åsene til å tenke og å meditere alene, bare meg på egenhånd. Mens jeg var borte, har jeg sett andre mennesker; noen av dem kom til mitt land. Jeg var god for dem. Jeg ga dem mat og drikke, de kunne hvile i mitt hus.
Og nå ... fremmede forteller meg når de kommer her, hva jeg burde gjøre, hva jeg har lov til å gjøre. Men her er jeg sjefen, jeg eier, jeg er den som er hjemme. Dette er mitt gamle hjem, der mine fedre og deres fedre bodde. Dette er mitt hjem, mitt land, jeg bor her for meg selv.
Gamalt er folket eg tilhører, me er gamle på denne jord. Eg snakkar eit gamalt språk, språket til mine eigne. Eg bur i eit gamalt land, eg har aldri budd andre stader, og eg høyrer heime her. Dette er meg, meg sjølv. Eg er aleine i den store verda. Eg er aleine, min nasjon gjekk bort for lenge sidan, berre eg vart att. Eg snakkar mitt gamle språk aleine.
Eg vandrar på vegen kalla liv, eg et mitt brød og eg drikk mitt vatn aleine. Det er eg som skriv bøkene mine, og det er eg som les dei. Eg klatrar på fjellet bak huset mitt; eg får fisken frå elva framfor huset mitt. Kvar dag går eg opp til åsen for å tenkje og å meditere aleine, berre eg på eigen hand. Då eg var borte, såg eg andre menneske; nokre av dei kom til mitt land. Eg var god mot dei. Eg gav dei mat og drykke, dei fekk kvile i mitt hus.
Og no … framande fortel meg når dei kjem hit, kva eg burde gjere, kva eg har lov å gjere. Men her er eg sjefen, eg eig, eg er heime. Dette er min gamle heim, der mine fedre og deira fedre budde. Dette er min heim, mitt land, eg bur her for meg sjølv.
Reminds me of our language that this wiki tries to rouse. And I would say that the story is far more poetic in this language than in Norwegian Bokmål... -- Hogne 22. september 2009 kl. 22:22 (CEST)
Mange takk! Ja, jeg tenkte, at denne bokmål versjon er ikke så litteraturistisk:) --Eino81 22. september 2009 kl. 22:44 (CEST)
What do you think, could you change the bad (not poetic) part of the Bokmal to better?:) How could you write it as a poetic version? --Eino81 23. september 2009 kl. 09:51 (CEST)
Eg sette Bergensbanen opp på dugnadslista, men no ser eg at du har arbiedd med han i sandkassa. Kva for versjonen skal vi arbeide med? --Knut 3. november 2009 kl. 17:57 (CET)
Eg sette den opp i sandkasse for å prøve få den flotte malen med stasjonar frå engelsk wikipedia til å fungere, men det fekk eg aldri til. Den engelske er i ein slik stand at den ei tid var aktuell som ein featured article der. Det er egentlig denne som burde vore omsett, enda så rart det høyrest ut, om den viktigaste jarnbanen i Nynorskland. Versjonen i sandkasse kan du gløyme! Hogne 4. november 2009 kl. 15:14 (CET)
Takk skal du ha for stemma du gav! --Zanity 8. desember 2009 kl. 18:28 (CET)
Eg stussa på at du fjerna nokre artiklar frå kandidatlista, og såg da at dei har vore utvalde før - men dei var ikkje kategoriserte. Sjå Kategoridiskusjon:Utvalde artiklar 2009. Kva gjer vi? --Knut 22. mars 2010 kl. 23:11 (CET)
Vi får ta ein dugnad. Det er mykje som ikkje vert gjort og det er mykje som burde vore gjort. Hogne 22. mars 2010 kl. 23:17 (CET)
No er 2009 oppdatert:-) --Knut 23. mars 2010 kl. 07:46 (CET)
Flott, godt arbeid! Eg fant meg ei lita vise … Hogne 23. mars 2010 kl. 15:41 (CET)
Heisann, sjekk Brukar:StigBot/201101... sikkert noe dere ønsker å endre på. Si ifra så skal jeg tilpasse det i scriptet. Stigmj 17. mars 2011 kl. 19:29 (CET)
Takk, mange takk! Det ser bra ut, det einaste er at overskrifta bør vere på nynorsk.
"Dei 1000 mest besøkte sidene Statistikkintervall (summerte)" og med kolonneoverskriftene: Artikkel Visningar
Kan du legge statistikken på same måte som på nowiki (Wikipedia:Statistikk/1000_mest_besøkte/2011/01)?
Takk! Dette er bra! reknar med at det kjem ein ny statistikk frå bot'en din kvar månad framover? Hogne 19. mars 2011 kl. 14:22 (CET)
Ja, jeg legger opp til det..:) Stigmj 19. mars 2011 kl. 18:01 (CET)
Forsøk på dynamisk link:
Dei mest vitja artiklane i forrige månad …
Kan bot'en endrast slik at linken blir slik:
Wikipedia:Statistikk/1000_mest_besøkte/2024/6
Eventuelt eit uttrykk for å skive 2011/01 i februar og 2011/11 i desember? Hogne 21. mars 2011 kl. 09:46 (CET)
Hva med denne? Dei mest vitja artiklane i forrige månad …Stigmj 21. mars 2011 kl. 21:06 (CET)
Takk, her er det stadig meir å lære! Hogne 21. mars 2011 kl. 22:09 (CET)
Hei, fin artikkel om Barolo! Det ville vore endå finare om du kunne seia noko om kva kjelder du har brukt. Om du har nytta Wikipedia-artiklar frå andre språk kan du t.d. bruka mal:omsett, som du finn i liminn-versjon under endringsboksen. --Ranveig 17. august 2011 kl. 14:02 (CEST)
Takk for påminninga, sei frå om du er på mine kantar ein gong og har lyst å smake ein god Barolo! Hogne 17. august 2011 kl. 14:26 (CEST)
Hehe, det må eg visst gjera etter ein slik omtale! --Ranveig 17. august 2011 kl. 16:24 (CEST)
Hei og takk for i går! Her ligger Wikipedia:Wiki Loves Monuments 2011/kulturminner: kulturminner Når du klikker på en av dem kommer du til tabellene hvor det er lenking til Riksantikvaren. Mvh. Anne-Sophie Ofrim 23. august 2011 kl. 11:40 (CEST)
Takk igjen! Mykje fint der og eg skal legge det ut på Samfunnshuset og som ei site-notice når der nærmar seg (om ikkje styret gjer det først). Hogne 23. august 2011 kl. 22:46 (CEST)
Hei! Eg skulle gjerne hatt di meining om denne kategoridiskusjonen; dersom du har ei. Det dreier seg om det er mest rett å skriva "kommun" eller "kommune" når det gjeld svenske kommunar. Det har vore diskutert før, utan at folk vart samde. Eg har sjølv lagt fram nokre argument for kvifor "kommune" er ei god løysing, men dette er ikkje meint som overtaling til at du skal ta mitt syn. Eg meiner berre at det er ein diskusjon som får konsekvensar, og då vil eg gjerne ha fleire synspunkt enn berre mitt og Ranveig sitt.:) HallvardLid 20. februar 2012 kl. 23:19 (CET)
Hei! Denne artikkelen trur eg ikkje me har brukt for lenger, kan du slette den?: Omsetjing av karakterar i Harry Potter-serien --Silver Stone (diskusjon) 5. november 2012 kl. 17:24 (CET)
Mogleg at dette er feil plass å føre samtalen på Anne-Sophie, men eg reknar med at Blue Elf tenkjer som so at «kirke» er del av eigennamnet til kyrkjene det her er snakk om. Dersom ein godtek eit slik resonnement, noko som etter ein kort kik på bokmålswikipediaen og her ikkje ser ut til å vere praksis, så blir handlingane hans rette. Sjølv veit eg ikkje heilt kva eg skal meine, som regel plar me vel ikkje omsetje «bokmålsnamn» så eg heller mot at dersom kyrkjene plar bli kalla «kirke» så er det det dei burde kallast både her og på Commons, og vice versa for «kyrkje» og bokmålswikipediaen/commons. --Guttorm (diskusjon) 30. januar 2013 kl. 21:02 (CET)
"Proper names of individual people, places, buildings, organizations etc. and other specific names of local phenomena, should in general use the name most frequently used in English-language literature. However, consensus for global policy isn't achieved yet, so observe current practices and see related discussion pages." står det på Commons:Naming_categories, så då burde church og chapel vere det rette, bortsett frå at det ikkje er semje om at det skal vere på engelsk, eigentleg. (Dei fleste av desse bygga er det jo ikkje noko engelskspråkleg litteratur om heller.) Viss nokon set i gong med å endre kategoriane på Commons bør dei og sørgje for at det vert gått etter på Wikipedia-utgåvene og rette opp der lenkjer til commons-kategoriane vert brotne. Det ligg lenkje til kategorien på commons i infoboksmalen om kyrkjene.
Mållova har iallfall tidlegare gjelde kyrkjebygga til Den norske kyrkja, det vil seie dei har vore statsobjekt og hatt namn på både nynorsk og bokmål, same kvar dei ligg. § 4. Forskrift om målbruk i offentleg teneste: «Dersom det ikkje høver med den same namneforma på bokmål og nynorsk, skal namnet på eit statsorgan ha ei bokmålsform og ei nynorskform.» Finn ikkje info om akkurat namn på kyrkjer, men her står om namn på sjukehus. Elles kan Språkrådet spørjast. --89.8.130.132 31. januar 2013 kl. 00:51 (CET)
(marg)Jeg var nok litt rask med å kontakte Hogne, beklager så mye. Jeg lar spørsmålet ligge. Mvh.--Anne-Sophie Ofrim (diskusjon) 31. januar 2013 kl. 11:17 (CET)
--
Eg vil berre seie at kategoriane på Commons er eit fantastisk hjelpemiddel. Det er berre så synd at det ikkje er laga ei fleirspråkleg løysning. Truleg er det andre samfunn som har større problem med at det mest berre er tilgjengeleg på engelsk enn det nynorske. Hogne (diskusjon) 31. januar 2013 kl. 15:54 (CET)
Det kunne eg. Hogne (diskusjon) 15. mars 2013 kl. 11:52 (CET)
Hi -- I am Noam Cohen of The Times (chomsky1 in English Wikipedia) and was interested to learn morea about the pencil drawing of Alice Munro that you uploaded. It will be getting seen a lot more now, I am guessing, and I wanted to learn about the artist who drew it and how it came to illustrate the Wikipedia article. Can you e-mail me at noam (at) nytimes (dot) com? Looking forward to speaking with you.
Du blokkerte feil IP. 46.15.106.38 hadde ikkje gjort noko gale. --46.15.212.99 1. november 2013 kl. 11:58 (CET)
Takk, du har rett! Eg har gjort om! Hogne (diskusjon) 1. november 2013 kl. 12:00 (CET)
Hej. Jeg har brugt en av dine filer som eksempel i Wikipedia:Samfunnshuset#De_sidste_lokale_filer. Spørgsmålet er ikke den konkrete fil, men hvordan processen bør være. Men du er selvfølgelig meget velkommen til at kommentere på filen, nu da jeg nævner den:-) --MGA73 (diskusjon) 20. oktober 2014 kl. 18:51 (CEST)
Hei. Eg har hovudansvar for vekas utvalde artikkel på bokmålspedia, og lurar på om du kan gjere meg ei teneste. Når du har gjort klar eit nytt samandrag her, kune du lagt det inn på bokmålssida óg? Eg hadde spart ein del overvaking då, særleg i dei tilfella når de er litt seint ute. Mvh Håvard (diskusjon) 25. mai 2015 kl. 08:30 (CEST)
Kan jeg få supplere Håvards spørsmål med ett til: all den tid dere likevel skal løfte fram en artikkel hver uke, så hadde det vært praktisk for samarbeidet at dere laget ferdig sammendragene litt tidligere, og kanskje lå 1-2 uker på forskudd? Mvh --M. Haugen (diskusjon) 25. november 2015 kl. 15:01 (CET)
Hei og takk for sist! Du snakket om at du kunne ta en titt på infoboks biografi slik at vi kan hente inn data fra Wikidata slik som på nb. Nevnte det såvidt her hos Ranveig for noen dager siden: Autoritetsdata igjen Slik som det er nå - uten denne koblingen til WD - går nynorskutgaven glipp av mye informasjon + bilder. Mvh.--Anne-Sophie Ofrim (diskusjon) 13. februar 2016 kl. 10:52 (CET)
Eg svarar her: Mal:Utvald artikkeltittel 2016 er ikkje lenger naudsynt å oppdatera sidan Mal:Utvald artikkeltittel (som no vert nytta i staden) automatisk hentar inn titlane frå Wikipedia:Utvald artikkel/Veke V, Å for veke V i år Å; til dømes hentar han ut Skatt frå Wikipedia:Utvald artikkel/Veke 42, 2013 for veke 42 i år 2013. Med ein gong slike sider vert oppretta (Wikipedia:Utvald artikkel/Veke …), vil malen kunna henta inn tittelen derfrå (sida som nyttar malen må kanskje oppfriskast). --Njardarlogar (ordskifte) 21. august 2016 kl. 21:57 (CEST)
OK, takk! Hogne (diskusjon) 21. august 2016 kl. 22:02 (CEST)
Dette ser ikkje ut til å fungere på min nettlesar. Hogne (diskusjon) 23. august 2016 kl. 08:31 (CEST)
Det har du rett i. Då kan eg ikkje sjå at noko er att. --Njardarlogar (ordskifte) 23. august 2016 kl. 14:59 (CEST)
Hei, medlem i Wikimedia Noreg og bidragsytarar, her er nyhendebrevet til Wikimedia Noreg for fjerde kvartal 2016.
Tilgang til Retriever: Frå 7. november 2016 er 6 Retriever-tilgangar tilgjengelige for bidragsyterar. Tilgangane fordelast til bidragsyterar for 6 månadar av gangen og etter førstemann til mølla-prinsippet etter onsdag 2. november kl 18 på denne sida. Frå 7. mai 2017 fordelast tilgangane til 6 nye bidragsyterar. Vi håper dette kan vere eit nyttig verktøy!
Girl Geek Dinners Trondheim: Girl Geek Dinners Trondheim har ny skrivekveld 3. november på Work-Work i Trondheim. Påmelding på Facebook.
Armenia-skrivekonkurranse: I veke 46–49 blir det ein skrivekonkurranse om Armenia der premien er ei reise til Armenia (fly + hotell) for éin person. Wikimedia Armenia kjører same konkurranse om Noreg. Konkurransesida finn du her frå veke 45.
Brukarundersøking: Wikimedia Noreg vil gjerne undersøke kva som motiverer aktive bidragsytarar på Wikimedia-prosjekta. I november gjennomfører vi difor ei spørjeundersøking som blir lenka til frå CentralNotice. Vi håper du vil ta deg tid til å svare, og gi oss innsikt i korleis vi i Wikimedia Noreg kan støtte opp om bidragsytarane på ein enda bedre måte!
Ny heimeside: Wikimedia Noreg har fått ei ny heimeside som supplerar wikien. Ta ein titt!
Ønsker du å melde deg inn i Wikimedia Noreg og støtte arbeidet vårt så kan du gjere det her, eller du kan støtte oss ved å vippse til 10386 – Wikimedia Norge.
Hei, Wikimedia Noreg-medlemmar og andre bidragsytarar, her er nyhendebrevet til Wikimedia Noreg for slutten av året 2016.
Vi ynskjer alle ei riktig god jul og eit godt nytt år!
Wiki Loves Monuments: Resultata frå årets utgåve av Wiki Loves Monuments er oppsummert på bloggen vår. Dei internasjonale vinnarbileta kan du sjå her. I 2017 vil vi for første gong arrangere fotokonkurransen Wiki Loves Earth i staden for Wiki Loves Monuments. Ta gjerne kontakt med oss om du vil hjelpe til med organiseringa!
Ukas konkurranse: Bli med på Ukas konkurranse om Jul eller 2016–2017!
#faktajakt: Med verktyget Referansejakt får du opp forslag på utsagn som manglar kjelde på Wikipedia, og i januar køyrer vi #faktajakt som del av det internasjonale prosjektet for å få bibliotekarar til å legge til kjelder på Wikipedia. Om du har spørsmål eller idear, ta kontakt på faktajakt@wikimedia.no.
Wikitreff: 17. januar blir det wikitreff på Litteraturhuset i Oslo. Du kan melde deg på her.
Årsmøte: Hold av 24.–25. mars! Då blir det wikitreff og årsmøte for Wikimedia Noreg i Trondheim.
Ønsker du å melde deg inn i Wikimedia Noreg og støtte arbeidet vårt så kan du gjere det her, eller du kan støtte oss ved å vippse til 10386 – Wikimedia Norge.
Hei, Wikimedia Noreg-medlemmer og andre bidragsytarar, her er nyhendebrevet vårt for februar 2017.
Wikidagar i Trondheim 24.–25. mars
24.–25. mars flyttar Wikimedia Noreg kontoret sitt (mellombels) til Trondheim!
Fredag 24. mars blir det omvisning for wikipedianarar på Justismuseet og wikitreff med mat og kåring av Årets wikipedianar på Work-Work etterpå. Alle wikipedianarar og andre interesserte er hjarteleg velkomne!
Laurdag 25. mars har Wikimedia Noreg årsmøte, òg på Work-Work. Forslag til styret kan sendast til styre@wikimedia.no fram til onsdag 23. februar 2017. Hugs at du må vera medlem for å kunna stemma ved årsmøtet eller for å få reiseutgifter dekka av Wikimedia Noreg.
15. februar er det ny søknadsfrist for stipendordninga til Wikimedia Noreg. Me håper på søknadar til mange spanande prosjekt! Du kan òg gjerne søkja om reisestipend for å delta på WikiCite, Wikimedia Hackathon og Wikimania.
Ynskjer du å melda deg inn i Wikimedia Noreg og stø arbeidet vårt så kan du gjera det her, eller du kan stø oss ved å vippsa til 10386 – Wikimedia Norge.
Hei, Wikimedia Noreg-medlemmar og andre bidragsytarar, her er nyhendebrevet til Wikimedia Noreg med aktivitetar for våren 2017.
8. mai vert det ny fordeling av seks Retriever-løyve. Er du interessert? Fyrstemann til mølla, skriv deg opp på denne sida.
9. mai vert det wikitreff i Litteraturhuset i Oslo. Tema for samlinga er Wikipedia på sitt beste, samarbeid om gode artiklar. Innleiinga vert halde av Morten Olsen Haugen|Morten Olsen Haugen (kjend som Orland på Wikipedia). Meld deg på her, eller berre møt opp! Wikimedia Noreg kan dekkja reiseutgifter. Ta kontakt med astrid@wikimedia.no for refusjon.
15. mai går startskotet for Wiki Loves Earth. Konkurransen handlar om å ta det beste biletet av verna natur i Noreg. Konkurransesida finn du her.
Wikimedia Noreg er med på ein temakonkurranse organisert av Europeana om tidsperioden 1914–1918. Fylg med på denne sida!
9.–13. august vert Wikimania arrangert i Montréal. All informasjon om Wikimania finn du her.
Er du interessert i å ta bilete med drone? Sjekk denne posten på Torget.
Wikimedia Noreg har bytt logo til ein ny, heilsvart variant (sjå logoen til høgre). Wikimedia Foundation er òg i ferd med å byte, medan Wikimedia Deutschland allereie har bytt til same variant.
29. april vart Wikipedia blokkert i Tyrkia. Wikimedia Foundation har kome med ei fråsegn om blokkeringa på bloggen deira.
Ynskjer du å melda deg inn i Wikimedia Noreg og stø arbeidet vårt så kan du gjera det her, eller du kan stø oss ved å vippsa til 10386 – Wikimedia Norge.
Hei, Wikimedia Noreg-medlemmar og anddre bidragsytarar, her er nyhendebrevet vårt med aktivitetar for dei næraste vekene.
Wiki Loves Monuments 2017 er i gang! Verdas største fotokonkurranse varar fra 1. til 30. september, og går ut på å laste opp bilete av kulturminne i Noreg. I år som i fjor vil det òg bli ein parallell skrivekonkurranse over to veker, i veke 37–38.
12. september: Det vert wikitref om referansar, med Ole Bjørn Rekdal som føredragshaldar, på Litteraturhuset i Oslo. Treffet byrjar kl. 17:00.
15. september: Dette er frista for å søke om wikistipend frå Wikimedia Noreg. Alle kan søke (ein må ikkje vere medlem), så om du har eit prosjekt eller ein idé du ynskjer å gjennomføre, men kunne trenge pengar for å gjere det, søk no!
16. september: Wiki-LAN, ein skriveverkstad for å auke dekninga av og deltakinga frå kvinner på Wikipedia, vert arrangert ved Musikkonservatoriet i Tromsø. Sjølv om det er fokus på kvinner er alle velkomne!
21. september: Under Forskningsdagane i Oslo inviterer Wikimedia Noreg til arrangementet Å skrive kvinner inn i historia der direktør for forskning og formidling ved Nasjonalbiblioteket, Hege Høsøien, og kunstnar og kurator Meret Røstad innleiar om emnet, fulgt av ei samtale med Jorid Martinsen frå Wikimedia Noreg.
6. oktober: Under kunngjeringa av kven som mottek årets Nobels fredspris vil ein gjeng wikipedianarar samlast på Nobels Fredssenter for #wikinobel for å dekkje prisen og prisvinnaren/-vinarane på ein god måte. Ta kontakt med Jon Harald om du ynskjer å delta!
Ynskjer du å melda deg inn i Wikimedia Noreg og stø arbeidet vårt så kan du gjera det her, eller du kan stø oss ved å vippsa til 10386 – Wikimedia Norge.
Hei, Wikimedia Noreg-medlemmer og andre bidragsytarar, her er det siste nyhendebrevet frå oss i år. Vi ynskjer alle ei god jul og eit godt nytt år! 🎅
Wikitreff 16. januar
Tysdag 16. januar 2018 kl. 1700 vert det wikitreff i Amalie Skram-salen på Litteraturhuset i Oslo. Innleiar vil vere Thomas Hylland Eriksen, som skildrar tema for møtet slik:
«Wikipedia kan brukes som eksempel på mye, også menneskets enestående trang til kunnskap og innsikt. Imidlertid er det skjær i sjøen, blant annet monopolisering, relevans, fagidioti og kunnskapsfiendtlighet. I en slik verden er en institusjon som Wikipedia viktigere enn noensinne.»
Meld deg gjerne på på denne sida! Møtet er gratis og ope for alle. Wikimedia Noreg kan dekkja reiseutgifter for dei som treng det (ta kontakt med astrid@wikimedia.no).
Wikistipend
15. februar er søknadsfristen for wikistipend. Me håpar på mange spanande søknadar!
Årsmøte
Årsmøtet til Wikimedia Noreg vert på Samisk hus i Oslo 3. mars 2018, kl. 11. Me planlegg både wikitreff, dronesafari og Wikidata-workshop den same helga, så hald av datoane 2.–4. mars. Me kan dekkja reiseutgifter for medlemmer i Wikimedia Noreg. Me kjem tilbake med meir info i neste nyhendebrev.
Nordsamisk Wikipedia
I haust har Wikimedia Noreg starta eit prosjekt for å betre Wikipedia på nordsamisk. I løpet av hausten har me omsett nettsida vår til nordsamisk, heldt ei undersøking blant noverande og tidlegare bidragsytarar til wikien, planlagt samarbeid med diverse institusjonar og deltaking på Márkomeannu og Riddu Riđđu. Dette arbeidet held me fram med i 2018, og dei som er interesserte kan melda seg på for oppdateringar om prosjektet her.
Dette prosjektet er òg det fyrste der me nyttar Phabricator til prosjektstyring. Du kan fylgje prosjektet her.
Retriever og Bokhylla.no
Tilgang til Retriever vart fordelt på nytt 20. november 2017, og ei ny fordeling skjer 20. mai 2018. Me minner òg om at me hjelper til med å søke om tilgang til bokhylla.no for wikipedianarar med utanlandsk IP-adresse. Meir informasjon om tilgang finst på denne sida.
Wiki Loves Earth
Dei internasjonale vinnarane av Wiki Loves Earth vart kåra 11. desember! Me gratulerer med ein norsk deltakar på 5. plass.
Ynskjer du å melda deg inn i Wikimedia Noreg og stø arbeidet vårt så kan du gjera det her, eller du kan stø oss ved å vippsa til 10386 – Wikimedia Norge.
Hei, Wikimedia Noreg-medlemmer og andre bidragsytarar, her kjem informasjon om kva som skjer i regi av Wikimedia Noreg dei nærmaste månadane.
Betaling av medlemsavgift
Medlemsavgifta for medlemskapet ditt i Wikimedia Noreg for 2018 kan du vippse til 10386 – Wikimedia Norge, eller betale til kontonummer 1503 08 00866. Medlemsavgifta er på kr. 200, eller kr. 100 for studentar og dei som mottek trygdeytingar.
Takk til de som allereie har betalt medlemsavgifta for 2018 og stør arbeidet vårt!
15. februar er søknadsfristen for wikistipend. Me håper på mange spanande søknadar!
Wikitreff 2. mars
Fredag 2. mars frå kl. 18–21 blir det wikitreff på Samisk hus i Oslo. Det blir wikiwars, styret i Wikimedia Noreg deler ut prisen for Årets wikipedianar, og det blir servering. Alle er hjartelig velkomne! Meld deg gjerne på, så vi veit kor mange vi skal bestille mat for. Påmelding her.
Årsmøte 3. mars
Årsmøtet til Wikimedia Noreg blir heldt på Samisk hus i Oslo 3. mars 2018 kl. 11. Alle kan delta, men berre medlemmer har røysterett. Møtet blir òg strømma på Wikimedia Noreg sin YouTube-kanal.
Har du lyst til å lære korleis ein brukar ei drone? Bli med på dronesafari og lær å bruke dronen Wikimedia Noreg har! Oppmøte på Samisk hus kl. 14.00. Påmelding her.
Wikidata-workshop 4. mars
Søndag 4. mars frå kl. 12–16 arrangerer vi ein Wikidata-workshop på Samisk hus i Oslo. Dette blir ein workshop for wikipedianarar om mange av dei tilgjengelege Wikidata-verktøya, korleis ein kan bruke dei til å redigere Wikidata og korleis ein kan bruke dei i samband med Wikipedia. Påmelding her.
Wikimedia Noreg har fått støtte frå Kulturrådet
Wikimedia Noreg har fått 100 000 i støtte for å gjere ei biletsamling etter Bodil Biørn tilgjengeleg på Wikimedia Commons. Bodil Catharina Biørn (1871–1960) var ein norsk misjonær, sjukepleiar og jordmor som misjonerte i austlege Tyrkia (Det osmanske riket). Biørn var vitne til det som i ettertida har blitt kalt det fyrste folkemordet i det 20. århundret, folkemordet i Armenia. Det dokumenterte ho ved å ta bilete og skrive detaljerte biletskildringar. I mai inviterer Wikimedia Noreg og Riksarkivet alle wikipedianarar til dugnad for å arbeide med bilettekstane. Du kan lese meir om tildelinga her..
Hei, Wikimedia Noreg-medlemmer og andre bidragsytarar, her kjem informasjon om kva som skjer i regi av Wikimedia Noreg dei nærmaste vekene og månadane.
Wikitreff på Litteraturhuset 15. mai
Innleiar for for kvelden er Silvija Seres, som skal snakke om korleis den fjerde industrielle revolisjonen endrar forretningsmodellar, marknadsposisjonar, korleis vi arbeider, og korleis vi er. Wikitreffet er gratis og ope for alle! Meir informasjon i Facebook-hendinga.
Wikimedia Noreg skal delta på Tech Lab under Oslo Freedom Forum med ein heildags skriveverkstad. Vil du vere med? Ta kontakt med astrid@wikimedia.no. Lunsj og reiseutgifter vert dekt. Dette er invitasjonen frå Human Rights Foundation, som arrangerar Oslo Freedom Forum: As a member of Norway's Wikipedia community, you are invited to spend May 28 with hundreds of human rights activists and technologists at the 2018 Oslo Freedom Forum. Wikimedia will have an area inside the venue at Sentralen in downtown Oslo to encourage participants to edit various human-rights related entries in Norwegian, English, and other languages. A key goal will be to get the dissidents, activists, journalists, and netizen and OFF attendees from more than 50 countries to get involved in editing their own country's important pages, such as country page, leader (or dictator), top activists, and any key human rights or corruption issues. Working together, we can expose the crimes of corrupt governments while also shining a light on those who are working to make the world a better place.
Bodil Biørn-arrangement på Riksarkivet 30. mai
200 bilete etter Bodil Biørn vert i dag oppbevart hos Riksarkivet. Med stønad frå Kulturrådet digitaliserar Riksarkivet desse bileta, og Wikimedia Noreg transkriberer dei og gjer innhaldet tilgjengeleg i samarbeid med Wikimedia Armenia. Denne ettermiddagen inviterer vi alle inn til å bli betre kjende med Bodil Biørn og samlingane til Riksarkivet. Meir informasjon i Facebook-hendinga.
Konferansar og festivalar
Tilsette i Wikimedia Noreg skal delta på fleire konferansar og festivalar til sumaren for å fremje Wikipedia på nordsamisk. Viss du skal på nokre av dei vil vi gjerne kome i kontakt med deg! Ta kontakt med astrid@wikimedia.no.
Hei, Wikimedia Noreg-medlemmer og andre bidragsytarar, her kjem informasjon om kva som skjer i regi av Wikimedia Noreg dei nærmaste vekene og månadane.
Til dette wikitreffet er Anine Kierulf invitert til å snakka om Wikipedia og Grunnloven – om paragraf 100. «Wikipedia er det suverent største og mest nytta leksikonet i Noreg, samstundes har det store manglar. Med paragraf 100 i Grunnloven (Dei statlege styresmaktene skal leggje til rette for eit ope og opplyst offentleg ordskifte.), er dette ei utfordring for styresmaktene? Wikitreffet er gratis og ope for alle! Påmelding på wiki eller på Facebook-hending.
Alle bidragsytarar til dei ulike Wikimedia-prosjekta kan søkja om wikistipend. Maks søkesum er kr 8 000. Stipendet skal bli nytta til å gjennomføra aktivitetar som stør opp om eitt eller fleire av Wikimedia-prosjekta.
Forskningsdagane, 26. september
Under årets utgåve av Forskningsdagane vil vi ta tak i kva vi kan gjera for at bidraga til kvinner i kunst og kultur skal få like stor plass i offentlegheita som bidraga til menn. Vi inviterer organisasjonar og personer som har jobba med temaet til å fortelja om kvifor det er viktig å ta tak i dette arbeidet, til å dela dei gode metodane og ikkje minst ispirera til handling. Sjå Facebook-hendinga.
#wikinobel, 27. september
Denne dagen vert det eit #wikinobel-arrangement på Nobels fredssenter. Meir info kjem på wikimedia.no.
Workshop: Wikidata, 10. november
Ny workshop om Wikidata! Det vert merch frå Wikimedia Deutschland for å feira at Wikidata er 6 år. Kom gjerne med ønske om tema på påmeldingssida.
Det er mange store runde tal denne hausten. Wikipedia på bokmål og riksmål nærmar seg 500 000 artiklar, Wikidata passerer snart 50 millionar innhaldssider og Wikidata-prosjektet fyllar 6 år. Gratulerer! Ta gjerne kontakt med oss om du har idear om korleis vi kan feira dette!
Har du gløymt å betala medlemsavgift for 2018? Då kan du registrera deg som framleis medlem på denne sida.
Hei, Wikimedia Noreg-medlemmar og andre bidragsytarar, her kjem det siste nyhehendebrevet frå oss for i år. Vi ynskjer alle ei god jul og eit godt nytt år! 🎄❄☃🎅
SN sitt år for urfolksspråk
2019 er SN sitt år for urfolksspråk, og Wikimedia Noreg har vorte anerkjend av UNESCO som Civil Society Partner. Gjennom 2019 vil vi ha ei rekkje aktivitetar knytta til SN sitt år for urfolksspråk og samisk innhald på nett. Den første aktiviteten er ein internasjonal skrivekonkurranse i februar 2019. Meir info på denne sida
Årsmøte 9. mars 2019 i Tromsø
Årsmøtet til Wikimedia Noreg i 2019 vert halde i Tromsø.
Som vanleg inviterar vi til eit wikitreff dagen før årsmøtet. Wikitreffet 8. mars startar med ei omvising på Perspektivet Museum fra kl. 17–18, og etterpå møtast vi på Casa Inferno.
Vi har fått innvilga ny stønad frå Kulturrådet til vidareføring av Bodil Biørn-prosjektet. Prosjektet er eit samarbeid med Wikimedia Armenia og Riksarkivet og handlar om transkribering og digitalisering av Biørn sine brev frå Armenia. Ein artikkel om prosjektet skrive i samarbeid mellom Wikimedia Noreg og Riksarkivet kan du lesa her.
Wikimedia Noreg flytta 12.12.2018 til Schweigaards gate 34C (greenhouse.no). Vi håpar å invitera til eit wikitreff her til våren.
Har du gløymt å betala medlemsavgift for 2018? Då kan du registrera deg som framleis medlem på denne sida.
Eg lurer på kva som ligg til grunn for at Wikipedia bruker Norsk om bokmål, mens Nynorsk er oppført som Norsk nynorsk. Dei to norske språkvariantane er «Norsk bokmål» og «Norsk nynorsk», og slik skulle det og vore i språklista i venstre margen i Wikipedia.
Hei, Wikimedia Noreg-medlemmar og andre bidragsytarar, her kjem eit oversyn over arrangemanta til våren i regi av Wikimedia Noreg.
Wikipedia-skriveverkstad i Trondheim
Litteratur for inkludering inviterer til Wikipedia-skriveverkstad på Litteraturhuset i Trondheim i samarbeid med Wikimedia Noreg 14. mai. Arrangementet er gratis og ope for alle. Velkomen! Facebook-hending
Reisestipend til Wikimania
Den årlege konferansen Wikimania, som er for alle som er interesserte i wiki-prosjekta, vert halde i Stockholm 14.–18. augast. Wikimedia Noreg tilbyr reisestipend på kr. 3000,- til frivillige som ynskjer å dra. Du kan søkja om reisestipend innan 15. mai på denne sida.
Fordeling av tilgangar til Retriever
Kvart halvår deler Wikimedia Noreg ut 6 tilgangar til Retriever blant aktive bidragsytarar på Wikipedia. Viss du er interessert i ein tilgang kan du setja deg opp på lista over interesserte på denne sida innan 20. mai.
Wikitreff i Oslo
23. mai er neste wikitreff på Litteraturhuset. Wikimedia Noreg har invitert faktisk.no til wikitreff på Litteraturhuset for å snakka om faktasjekking, men òg for å spørja om kva ein faktasjekkar tenkjer om Wikipedia som prosjekt. Arrangementet er gratis og ope for alle. Velkomen! Facebook-hending. Påmeldingsside på Wikipedia
Tilsette og frivillige frå Wikimedia Noreg kjem til å vera tilstades på Oslo Freedom Forum (27.–28. mai), Celtic Knot-konferansen i Cornwall (4.–5. juli), Riddu Riđđu (10.–14. juli) og Márkomeannu (25.–28. juli). Ta gjerne kontakt med oss om du òg skal nokon av desse stadane!
2019 er året for urfolkspråk, og Wikimedia Noreg har fått 140 000 i støtte frå UNESCO Noreg til arbeidet vårt med samisk kunnskap på nett.
Har du gløymt å betala medlemsavgift for 2019? Då kan du registrera deg som framleis medlem på denne sida.
Hello Hogne, I would like to get in touch concerning your submission for Wikimania 2019. Can you please get in touch with me by email, as soon as possible, at atarkowski@centrumcyfrowe.pl . Thank you, Alek
Thank you Alek, I've sent you an e-mail. Hogne (diskusjon) 8. juli 2019 kl. 10:02 (CEST)
Hei, Wikimedia Noreg-medlemmer og andre bidragsytarar, her er nyhendebrevet vårt for august 2019.
Denne veka deltek friviljuge, tilsette og styremedlemar frå Wikimedia Noreg på den internasjonale konferansen Wikimania, som i år vert halde i Stockholm. Vi skal delta med ei rekke presentasjonar, og ein av hovudinnleiarane er invitert av Wikimedia Noreg, Liv Inger Somby. Meir om ho kan du lesa i denne bloggposten (finst òg på nordsamisk).
I år vert den internasjonale fotokonkurransen Wiki Loves Monuments arrangert i Noreg for niande gong. Nytt i år er at det er ein eigen kategori for bilete av samiske kulturminne. Kriteria for konkurransen er enkle – bileta må vera av registrerte kulturminne i Noreg, og må verte lasta opp i løpet av september 2019, men kan vere tekne når som helst. I september vil òg månadens konkurranse handla om kulturminne i Noreg.
Under festivalen Márkomeannu i juli starta Wikimedia Noreg underprosjektet Hålogalandsvegen saman med Várdobáiki samisk senter. Prosjektet går ut på å betra artiklar knytt til den nye Hålogalandsvegen og stader som ligg i tilknytting til han på nynorsk, bokmål og nordsamisk. Prosjektsida og lister over tilknytta artiklar vert oppdaterte i løpet av hausten. Skriv deg gjerne på om du er interessert i å bidra (eller berre følgja med).
Wikimedia Noreg deltek på Forskningsdagane som skjer i regi av Forskningsrådet i år òg. 24. september kl. 17.30 på Kulturhuset i Oslo skal vi ha eit arrangement om Avkolonialisering av kunnskap på nett. Vel møtt!
Hold òg av datoane 11. oktober for #wikinobel og 27. november for wikitreff på Litteraturhuset. Meir info om disse arrangementa kjem seinare.
Har du gløymt å betala medlemsavgift for 2019? Då kan du registrera deg som framleis medlem på denne sida.
Hei, Wikimedia Noreg-medlemmar og andre bidragsytarar, her kjem nyhendebrevet frå Wikimedia Noreg for november.
I ei uke i oktober, Giellavahkku, vart SN sitt internasjonale år for urfolksspråk markert over heile landet. Wikimedia Noreg fekk nyleg tildelt midlar frå Sametinget sine språkmidlar til å laga eit undervisingsopplegg for bidrag frå studentar på Wikipedia på nordsamisk eller bidrag med samisk innhald på Wikimedia-prosjekta generelt, saman med Samisk høgskule og Universitetet i Tromsø. Vi har òg fått pengar frå Fritt Ord til å dela samiske stadnamn på Wikidata saman med Kartverket. Du kan lesa meir om dette arbeidet på bloggen vår.
Juryarbeidet etter Wiki Loves Monuments 2019 er over, og dei ti vinnerbileta som går vidare til den internasjonale delen av konkurransen har vorte lagt opp på vinnarsida på Commons. Gratulerer til alle vinnarane, og tusen takk til alle deltakarane og ikkje minst jurymedlemmane!
Her kjem eit oversyn over arrangement i regi av Wikimedia Noreg dei neste månadane:
11. november inviterer Wikimedia Noreg og Riksarkivet til eit arrangement hjå Riksarkivet frå kl. 17–19. Historia har ofte vorte skriven av og for menn. Det vert avspegla i arkiv, historiebøker, og på Wikipedia. Kvifor er det viktig å gjere kjeldematerialet med perspektiv frå kvinner på historia tilgjengeleg? Arrangementet er gratis og ope for alle. Velkomen!
28. november inviterer Wikimedia Noreg til wikitreff på Litteraturhuset i Oslo frå kl. 18–19 med Ruth Vatvedt Fjell som innleiar.
Fjeld, som i tillegg til å vere over middels interessert i banning, er professor i leksikografi og opptatt av korleis språket kan medverka til å ta vare på eit skeivt kjønnsrollemønster. Wikipedia er ein enorm kunnskapsbase der kven som helst kan bidra. Difor kan det vera på sin plass å spørja seg kva språket vi nyttar har å seie for korleis kunnskapen vert formidla?
Arrangementet er gratis og ope for alle. Velkomen! Bord er reservert i baren frå kl. 19 for dei som ønskjer å halde diskusjonen fram der.
20. november er søknadsfrist for wikistipend. Du kan søkja om stønad til å få dekka ulike utgifter knytta til gjennomføring av bidrag til Wikimedia-prosjekta.
Hi Hogne, my apologies for leaving you this message in English on your native language project, however, it is my understanding that you speak English. I am an administrator on Metawiki, where there is an open request for comment. As I see you are involved in the tickets on Phabricator, can you fill me in on where things lie on both a consensus and technical basis so that I can properly close this RfC? -Riley Huntley(SWMT) 15. januar 2020 kl. 21:41 (CET)
Hei, Wikimedia Noreg-medlemmar og andre bidragsytarar, her er nyhendebrevet vårt for januar.
Wikitreff
Våren 2020 testar vi ut månadlege wikitreff på Kulturhuset i Oslo for alle wikifolk. Ikkje noko fastsett opplegg; kom og ta med det du jobbar med, få hjelp eller berre ta ein prat. Jon Harald sitt der frå kl. 17–19.
Årsmøte 14. mars 2020
Wikimedia Noreg sitt årsmøte vert halde 14. mars kl. 12 på Interkulturelt museum, Tøyenbekken 5, 0188 Oslo. Årsmøtedokument vert publiserte i forkant av møtet på denne sida… Etter at årsmøte er halde inviterer vi alle til lunsj og ei omvising i utstillinga Typisk dem.
Betaling av medlemsavgift for 2020
Vi er takknemlege for alle som støttar arbeidet vårt! Medlemsavgifta for 2020 kan ein betale via Vipps til 10386 – Wikimedia Norge, eller overføring til kontonummer: 1503 08 00866. Avgifta er på kr. 200, eller 100 for studentar o.a.
Spørjeundersøking om Wikimedia-mangfaldskonferanse i Oslo
Wikimedia Noreg treng av og til hjelp med massopplastingar til Wikimedia Commons eller Wikidata. Er det noko du kunne tenke deg å hjelpe til med? Vi ser for oss at det kan vere ein grei frilansjobb for ein student med kjennskap til Wikidata og/eller Wikipedia. Send ein epost til jhsoby@wikimedia.no viss du er interessert eller har spørsmål.
Snøhetta skal skape ny visuell profil for Wikimedia
Førre veke vart to workshoppar arrangerte i Oslo i samband med at Snøhetta er valde som samarbeidspartnar av Wikimedia Foundation til å lage ny visuell profil for Wikimedia. Meir om arbeidet kan ein lese på denne sida!
Hei, Wikimedia Noreg-medlemmar og andre bidragsytarar.
Virtuelt årsmøte erstattar fysisk årsmøte for Wikimedia Noreg 14. mars 2020, kl. 12. Årsmøtet vert halde som virtuelt møte for å avgrense smittefaren i samband med koronaviruset. Årsmøteagenda med tilhøyrande papir finn du her.
Vi vonar mange kan delta via video eller telefon. På bloggen vår kan du lesa korleis du kan delta i møtet.
Har du huska å betale medlemsavgift for 2020? Alle som har betalt medlemsavgift for 2020 har røysterett ved årsmøtet. Medlemsavgift for 2020 (på kr 200, 100 for studentar o.a.) kan du betale via Vipps til 10386 – Wikimedia Norge, eller til kontonummer 1503 08 00866.
Jon Harald Søby frå Wikimedia Noreg vil forklare korleis ein kan hjelpe til med å setje om MediaWiki og anna programvare på Translatewiki.net. Ein kan bli med på treffet ved å nytte same lenke som ved førre wikitreff, nemleg https://meet.google.com/ooj-hpyk-hmp, anten via datamaskin eller smarttelefon. Ein treng ikkje ein Google-konto for å bli med. Alle er velkomne til å delta, og vi minnar om Wikimedia Noreg sine retningsliner for inkluderande møte. Det neste treffet etter dette blir 27. mai. Vi har no lagt inn ei side for varsling ved wikitreff, så du kan få varsel direkte på favorittwikien din når nye wikitreff blir kunngjorte. Lenka for å legge seg til der er på toppen av wikitreffsida.
Neste søknadsfrist er 22. mai. Alle bidragsytarar til dei ulike Wikimedia-prosjekta kan søke om stipend. Maks søkesum er kr. 8 000,-. Stipenden skal nyttast til å gjennomføre aktivitetar som stør opp om eitt eller fleire av Wikimedia-prosjekta.
22. mai vert tilgangar til Retriever fordelte på nytt til aktive wikipedianarar. Tilgang til samiske aviser for bidragsytarar på nordsamisk Wikipedia blir òg fordelt for første gang 22. mai.
Wiki Loves Monuments byrjar i dag, og varer som vanleg til slutten av september. Alle bilete av kulturminne i Noreg som blir lasta opp i løpet av konkurransen er med – og det er som vanleg skrivekonkurranse på Wikipedia på bokmål, nynorsk og nordsamisk i samband med biletkonkurransen. Lykke til!
Virtuelt wikitreff
Neste virtuelle wikitreff blir torsdag 1. oktober. Denne gongen deltek styreleiar i Wikimedia Noreg, Sigrun Espe, som gjest, og vi tenkte å ha samarbeidsklima på wiki som tema. Møtet vil som vanleg foregå på Google Meet frå kl. 17.00, https://wikitreff.wikimedia.no/. Ein treng ikkje å ha ein Google-innlogging for å delta. Alle er velkomne, og vi minner om Wikimedia Noreg sine retninsliner for inkluderande møte. Vel møtt!
Arctic Knot, Wikimedia-språkkonferanse i Noreg
Sumaren 2021 vil Wikimedia Noreg arrangere Arctic Knot 2021. Konferansen er ei videreføring av Celtic Knot som blir arrangert av Wikimedia UK. I 2021 får vi arrangere han i Noreg. Vi planlegg både for ein fysisk og ein digital konferanse. Temaet er små språk og wiki-prosjekta.
For planlegginga av konferansen gjennomfører vi ei spørjeundersøking. Ho er ikkje lang, og det er kjempefint om de kan fylle ho ut. Takk!
Wikipedia 20 år 15. januar 2021
Wikipedia fyller 20 år! Det må jo feirast! Mon korleis? Vi i Wikimedia Noreg ønsker ei bra markering av dagen, og vil gjerne høyre frå dykk om korleis dagen bør feirast! Skriv gjerne på Mali sin brukardiskusjon viss du har nokre gode idéar eller innspel!
Har du gløymt å betala medlemsavgift for 2020? Då kan du registrere deg som enno medlem på denne sida.
Det neste virtuelle wikitreffet blir onsdag 29. oktober. Denne gongen er temaet infoboksar. Møtet vil som vanleg finne stad på Google Meet frå kl. 17.00, https://wikitreff.wikimedia.no/. Ein treng ikkje Google-innlogging for å delta, og det er heller ikkje noko krav om at ein må bruke mikrofon eller kamera. Alle er velkomne til å delta, og vi minnar om Wikimedia Noreg sine retningsliner for inkluderande møte. Vel møtt!
På dagtid 19. november blir det eit lite arrangement hjå den svenske ambassaden i Oslo. WikiGap handlar om å utjamne kjønnsubalansen på Wikipedia. På arrangementet vårt vil vi markere at det er 20 år sidan Tryggingsrådet i SN sin resolusjon 1325 ble vedteken. På grunn av smittevern kan vi berre ha nokre få deltakarar. Send ein epost til kontakt@wikimedia.no viss du vil delta!
Neste søknadsfrist er 20. november. Alle bidragsytarar til dei ulike Wikimedia-prosjekta kan søke om stipend. Maks søkesum er kr 8 000. Stipendet skal brukast til å gjennomføre aktivitetar som stør opp om eitt eller fleire av Wikimedia-prosjekta.
22. november blir tilgangane til Retriever delt ut på nytt til aktive wikipedianarar. Tilgang til samiske aviser for bidragsytarar på nordsamisk Wikipedia delast òg ut same dato.
Denne veka blir samisk språkveke arrangert over heile landet. Vi markerer ho ved å lansere eit samarbeid med Nasjonalbiblioteket og Giellatekno ved UiT Noregs arktiske universitet om stadnamn. Vi har skrive om det på bloggen vår!
Har du hugsa å betale medlemsavgift for 2020? Du kan registrere deg som enno medlem på denne sida.
Godt nytt jubileumsår og gratulerer med 20 år med kunnskapsdugnad!
15. januar 2001 blei Wikipedia på engelsk lansert. Temaet for 20-årsmarkeringa er å feire menneska bakom Wikipedia. Alle de som på ein eller annan måte har bidrege til at vi no kan feire 20 år med fri kunnskap. På grunn av koronasituasjonen kan vi dessverre ikkje invitere til nokon fysisk feiring no, men vi vonar at vi kan invitere til eit jubileumsarrangement i løpet av året.
Vi har laga ei gratulasjonsside der alle kan sende ein gratulasjon til Wikipedia. Vi vonar det kan bli ei fin side som synar kvifor Wikipedia framleis er like viktig, eller kanskje enda viktigare, enn for 20 år sida. Send inn ditt grutaljonskort!
Neste wikitreff er 27. januar. Da deltek Karl Wettin frå Wikimedia Sverige, og skal snakke om prosjektet Wikispeech. Dette er eit spennande åpen kjeldekode-prosjekt som handlar om brukargenerert stemmesyntetisering. Det har òg bruksområde langt utanfor Wikimedia-prosjekta. Forslag til tema for seinare wikitreff er hjarteleg velkomne nederst på wikitreffsida!
Arrangement å sjå fram til i 2021
Årsmøtet for Wikimedia Noreg blir 6. mars. Møtet blir digitalt i år òg. Meir informasjon kjem.
Vi planlegg eit virtuelt administratortreff for administratorane på Wikipedia-utgåvene på bokmål og nynorsk, truleg i mars. Viss du er interessert i bidra til organiseringa av det kan du ta kontakt med Jon Harald.
Arctic Art+Feminism: Vi vil organisere fire skriveverkstadar i løpet av 2021, med kvinnelege kunstnarar og urfolkskunst som tema. Meir informasjon kjem.
WikiGap: Viss smittesituasjonen tillèt det blir det WikiGap-arrangement på Den svenske ambassaden i Oslo. Vi vonar å sjå dykk der. Årets tema er kvinnelege aktivistar frå Sør-Amerika.
Arctic Knot: I juni arrangerer vi for fyrste gong språkkonferansen Arctic Knot. Det er ei vidareføring av konferanseserien Celtic Knot. Meir informasjon kjem snart!
Nytt medlemssystem
Vi tek i bruk eit nytt medlemssystem. Kva tydar det for deg? Minst mogleg, vonar vi. Men for oss vil det føre til betre oppfylging av medlemmane. I neste uke sender vi eit nyhendebrev med m.a. informasjon om medlemskontingent for 2021. Den kan ein betale via AvtaleGiro eller Vipps. Viss du allereie har betalt medlemsavgifta for 2021 kan du sjå bort frå denne informasjonen.
Wikimedia Foundation ønskjer svar på denne undersøkinga frå Wikimedia-medlemmar frå heile verda. Wikimedia Foundation har laga ei norsk omsetjing av undersøkinga. Ein kan ta undersøkinga anonymt utan å dele epostadresse, men merk at ein da ikkje bør lukke nettlesaren før ein er ferdig med undersøkinga.
Har du allereie betalt medlemsavgifta for 2021? Viss ikkje kan du registrere deg som enno medlem på denne sida.
Årets årsmøte ble avholdt 6. mars 2021, protokollen er tilgjengelig her. Det ble blant annet vedtatt å inkludere sørsamisk, lulesamisk og kvensk navn på organisasjonen. Det betyr at vi nå har 6 likeverdige navn: Wikimedia Norge (bokmål), Wikimedia Noreg (nynorsk), Wikimedia Norga (nordsamisk), Wikimedia Vuodna (lulesamisk), Wikimedia Nöörje (sørsamisk) og Wikimedia Norja (kvensk).
Nytt styre
Hogne Neteland gikk ut av styret etter mange år, vi takker for god innsats! Sigrun Espe fortsetter det gode arbeidet som styreleder. Styret har fått med to nye styremedlemmer:
Fredrik Ljone, Bergen. Styremedlem, valgt for perioden 2021–2023. Ljone er opptatt av deling av kunnskap, åpne data og rettssikkerhet. Han er initiativtaker for å gjøre jussen mer tilgjengelig for alle gjennom jusleksikon.no og rettspraksis.no-aksjonen.
Stian Amadeus Antonsen, Oslo. Varamedlem, valgt for perioden 2021–2022. Antonsen har bred erfaring fra ulike sivilsamfunnsorganisasjoner og jobber til daglig som politisk rådgiver i Studentenes og Akademikernes Internasjonale Hjelpefond (SAIH). Han er opptatt av mangfold og inkludering og ønsker at alle skal delta i kunnskapsproduksjon og spredning.
Wikipedia er en hjørnestein i den digitale tidsalderen, men informasjonen man finner er ikke likt representert på tvers av språk. Wikimedia-bevegelsen er i ferd med å implementere sin 2030-strategi mens UNESCO jobber med International Decade of Indigenous Languages (IDIL), som begynner i 2022. IDIL viser til potensialet i teknologi for å støtte og bevare urfolksspråk. Disse to milepælene lager en ramme for konferansen hvor vi skal diskutere språkmangfold på Wikimedia-prosjektene, og hvordan bygge gode språkmiljø for urfolks- og underrepresenterte språkbrukere.
Arctic Knot er for alle wikipedianere og wikimedianere som er interessert i urfolksspråk og underrepresenterte språk, og også for organisasjoner, kultur- og utdanningsinstitusjoner som jobber i dette feltet. Fokuset i år er spesielt på de samiske språkene. Har du spørsmål knyttet til dette kan du kontakte Jon Harald Søby på jhsoby@wikimedia.no.
Admintreff
Lørdag 20. mars ble det avholdt treff for administratorer på de norskspråklige Wikimedia-prosjektene. Det var 10 deltakere, hvorav én er administrator på Wiktionary på norsk, og de resterende er administratorer på Wikipedia på bokmål. Treffet ble initiert av Wikimedia Norge etter at Wikipedia-brukere hadde tatt til orde for det på Torget.
På treffet var det en gjennomgang av «skjulte» eller lite kjente administratorverktøy, blant annet massesletting, nye blokkeringsmuligheter og patruljeringsverktøy. Det var også stor enighet om at det er et behov for å oppdatere og sentralisere retningslinjene.
Wikimedia Enterprise
Med det nye prosjektet Wikimedia Enterprise jobber Wikimedia Foundation med en løsning for samarbeid med kommersielle aktører som for eksempel Google og Amazon. Mange store kommersielle aktører bruker allerede innhold fra Wikimedia, men uten noen formell avtale eller økonomisk kompensasjon. Med Wikimedia Enterprise bygges en tjeneste som skal gi bedre brukeropplevelser av Wikimedia-innhold utover Wikimedia-plattformene, og som samtidig er økonomisk selvbærende.
I følge en artikkel i Wired ønsker Wikimedia Foundation å synliggjøre den frivillige innsatsen som har bygd Wikipedia og stimulere de store gigantene til også å gi mer tilbake til det frivillige samfunnet.
Wikipedia 20 år
Kunnskaps-og integreringsminister Guri Melby har sendt en hilsen til alle wikipedianere i anledning 20-årsjubileet! Ta gjerne en titt på den. Husk du også fortsatt kan sende en gratulasjon!
Har du allerede betalt medlemsavgift for 2021? Hvis ikke kan du registrere deg som fortsatt medlem på denne siden.
24.–25. juni skjer det endeleg. Språkkonferansen Arctic Knot er i gang! Konferansen er digital, og vi vonar de synest programmet er interessant! Det blir spanande paneldiskusjonar, og høve til å bli kjend med prosjekt som Abstract Wikipedia og Wikikjelda.
Elles er det eit variert og veldig spanande program, og vi trur alle vil finne noko interessant i dette programmet.
Har du lyst til å bidra på Arctic Knot som frivillig? Vi sett stor pris på alt engasjement!
Kanskje du kan tenke deg å vere med på å teste plattformen vi skal nytte i forkant? Eller har du spørsmål du ynskjer skal bli tatt opp i paneldebatten? Kanksje du vil bidra med underholding av noko slag? Ta kontakt på arcticknot@wikimedia.no!
Temaet for månadens konkurranse i juni er kunstnarar. Endringar på artiklar om alle kunstnarar vil gje poeng i konkurransen, men vi vonar mange av dykk vil skrive om samiske kunstnarar og andre urfolkskunstnarar på Wikipedia.
I år er Wikimania digitalt, noko som gjer det mogleg for endå fleire å vere med. Temaet er 20 år med Wikipedia, og er difor ei tid for å feire kva Wikimedia-rørsla har oppnådd, og sjå tilbake på reisa hit. Det er no mogleg å sende inn bidrag. Har du ein idé til eit bidrag, men er ikkje sikker på vinkling så ta gjerne kontakt. Vi kan hjelpe med idémyldring og eventuelt andre praktiske saker!
No er det ikkje lenge til ein kan organisere fysiske wikitreff igjen. Nokon er allereie i gang med planlegginga! Det er veldig fint om fleire får høve til å vere med på wikitreff. Wikimedia Noreg kan hjelpe til økonomisk om du ønsker å organisere eit der du bur!
Vi kjem til å halde fram med å organisere wikitreff, ulike workshoppar og admintreff med (u)jamne mellomrom, både digitalt og fysisk. Viss du har temaforslag så kan du tipse Jon Harald (jhsoby@wikimedia.no)!
Har du allereie betalt medlemsavgifta for 2021? Viss ikkje kan du registrere deg som enno medlem på denne sida.
Det siste vi gjorde før sommarferien var å gjennomføre Arctic Knot-konferansen. Vi har brukt store delar av 2021 på å førebu oss, og gjennomførte to bra dagar med mykje engasjement. Dei fleste videoane frå konferansen er tilgjengelige i denne spelelista på YouTube.
13.–17. august
Wikimania
I morgon startar Wikimania, og siste frist for å melde seg på er rundt midnatt i kveld. Wikimania går over 5 dagar, og programmet er tilpassa fleire tidssoner, det vil seie at noko skjer på dagtid og noko på kveldstid. Det er veldig mange spanande innslag!
Wikimedia Noreg deltek med ein workshop. Workshoppen har som mål å jobbe vidare med ideen om å skape eit Wikimedia-nav for urfolksspråk og andre underrepresenterte språk. Alle er velkomne til å delta.
Neste wikitreff
25. august
Haustens første wikitreff handlar om Abstract Wikipedia. Vi sjår på presentasjonen til Denny Vrandečić frå Arctic Knot-konferansen saman, og diskuterer undervegs/etterpå. Wikitreffet finn stad på Google Meet, og byrjar kl. 17.00. Enkelt forklart er Abstract Wikipedia eit vis å skrive artiklar som funksjonar, så dei kan vere uavhengige av språk.
Verdas urfolksdag
9. august vert verdas urfolksdag markert. I det høvet skreiv vi eit blogginnlegg basert på nokon av presentasjonane frå Arctic Knot.
Wikipedia 20 år
Vi har fått videohelsingar til 20-årsmarkeringa for Wikipedia frå statsrådar og sametingspresidenten. Du kan sjå videoane her. Helsingane er til alle dei som har bidrege på Wikipedia i løpet av dei 20 åra det har eksistert – takk for innsatsen!
Bokmålswikipedia fyller 20 år i november. På wikitreffet i november markerer vi det; meir informasjon kjem.
Har du allereie betalt medlemsavgifta for 2021? Viss ikkje kan du registrere deg som enno medlem på denne sida.
Det siste vi gjorde før sommarferien var å gjennomføre Arctic Knot-konferansen. Vi har brukt store delar av 2021 på å førebu oss, og gjennomførte to bra dagar med mykje engasjement. Dei fleste videoane frå konferansen er tilgjengelige i denne spelelista på YouTube.
13.–17. august
Wikimania
I morgon startar Wikimania, og siste frist for å melde seg på er rundt midnatt i kveld. Wikimania går over 5 dagar, og programmet er tilpassa fleire tidssoner, det vil seie at noko skjer på dagtid og noko på kveldstid. Det er veldig mange spanande innslag!
Wikimedia Noreg deltek med ein workshop. Workshoppen har som mål å jobbe vidare med ideen om å skape eit Wikimedia-nav for urfolksspråk og andre underrepresenterte språk. Alle er velkomne til å delta.
Neste wikitreff
25. august
Haustens første wikitreff handlar om Abstract Wikipedia. Vi sjår på presentasjonen til Denny Vrandečić frå Arctic Knot-konferansen saman, og diskuterer undervegs/etterpå. Wikitreffet finn stad på Google Meet, og byrjar kl. 17.00. Enkelt forklart er Abstract Wikipedia eit vis å skrive artiklar som funksjonar, så dei kan vere uavhengige av språk.
Verdas urfolksdag
9. august vert verdas urfolksdag markert. I det høvet skreiv vi eit blogginnlegg basert på nokon av presentasjonane frå Arctic Knot.
Wikipedia 20 år
Vi har fått videohelsingar til 20-årsmarkeringa for Wikipedia frå statsrådar og sametingspresidenten. Du kan sjå videoane her. Helsingane er til alle dei som har bidrege på Wikipedia i løpet av dei 20 åra det har eksistert – takk for innsatsen!
Bokmålswikipedia fyller 20 år i november. På wikitreffet i november markerer vi det; meir informasjon kjem.
Har du allereie betalt medlemsavgifta for 2021? Viss ikkje kan du registrere deg som enno medlem på denne sida.
Wikipedia på bokmål fyller 20 år 26. november, og det vert markert på wikitreffet 1. desember. Det vert digitalt wikitreff med kviss og god stemning. Vil du motta ei 20-års-t-skjorte? Send adresse og storleik (S–XL) til wikimedia@wikimedia.no!
Kanskje har du stussa litt over at det har vore så mykje samisk over alt i sosiale medium i det siste? Årsaka er samisk språkveke, Giellavahkku, som har som føremål å synleggjera samiske språk. Samisk språk, kultur og historie er ein viktig del av kunnskapsmangfaldet. Vi har samla alt arbeidet vi gjer med samiske språk i denne bloggposten.
Lappekodisillen kom heim denne månaden, og er no lagra i Samisk arkiv i Kautokeino, etter ein lengre prosess. Lappekodisillen er enno eit gjeldande regelverk for grensene i nord. Den vert òg snart tilgjengelig i digital form på Wikimedia Commons.
Skeivt kulturår 2022
Gjennom heile 2022 vert skeivt kulturår markert. I det høvet har vi lasta opp 139 livsminneintervju frå Skeivt Arkiv til Wikimedia Commons. Vi har fleire prosjekt under planlegging til neste år.
– Det at skeive sine røynsler, historie og kultur ikkje vert representert på nett, er ein kvit flekk i vår felles historie, seier Heidi Rohde Rafto, fungerande fagleg leiar i Skeivt arkiv. Ho legg at til skeiv historie ikkje berre er historia til homofile, lesbiske, bifile, tranpersonar, interkjønn og andre skeive – men det er òg historia til samfunnet som heilskap.
Ved å engasjera oss i skeivt kulturår håpar vi å fylla inn desse kvite flekkene i den felles historia vår. Og vi gjer dette frå eit mangfaldsperspektiv – det handlar ikkje berre om kjønn og seksualitet, men annleisskap og dei menneska som har stått på for endring.
Language Diversity Hub
Kunnskapsmangfald gjeld ikkje berre i Noreg – gjennom internasjonalt samarbeid håpar vi å etablera ein samlingsplass for alle som arbeider med urfolks- og underrepresenterte språk. I dette prosjektet har vi med oss fleire som var med på Arctic Knot-konferansen i sommar. Du kan lesa meir om det på denne sida.
Retriever
Det er snart tid for ny utdeling av Retriever-tilgjenge. Frå 15. november kan du setja deg opp på lista. Det vert sendt ut ei påminning på Torget og Samfunnshuset når den opnar.
Wikimedia Sverige har fått ei god avtale med Retriever i Sverige. Dei har mange tilgjenge, og vil gjerne dela dem med friviljuge i Noreg òg. Det er berre svensk media som er tilgjengelege i den ordninga. Skriv dykk opp på denne lista på svensk Wikipedia om de er interessert i svensk Retriever.
Wikistipend
No har samfunnet opna opp att, og det er moglegheiter for å reise og treffe folk igjen! Det er mange aktivitetar ein kan søke om wikistipend til. Alle bidragsytarar til dei ulike Wikimedia-prosjekta kan søke om eit stipend. Maks søkesum er kr. 8 000,-. Stipendet skal nyttast til å gjennomføre aktivitetar som stør opp om eitt eller fleire av Wikimedia-prosjekta, og søknadsfristen er 20. november.
Har du allereie betalt medlemsavgifta for 2021? Viss ikkje kan du registrere deg som enno medlem på denne sida.
Du mottar denne beskjeden fordi du er administrator på en Wikimedia-wiki.
Når noen redigerer en Wikimedia-wiki uten å være logga inn viser vi i dag IP-adressen deres. Som du kanskje allerede veit, vil vi ikke lenger kunne gjøre dette i framtida. Denne avgjørelsen er tatt av Wikimedia Foundations juridiske avdeling fordi normer og bestemmelser rundt personvern online har endra seg.
I stedet for IP-adresser vil vi vise en maskert identitet. Som administrator vil du fortsatt ha tilgang til IP-adressene. Det vil også komme en ny brukerrettighet for de som trenger å se hele IP-adressa til uregistrerte brukere for å bekjempe hærverk, trakassering og spam uten å være administrator. Patruljører vil også se deler av IP-adressa uten denne brukerrettigheten. Vi jobber også med å utvikle bedre verktøy for å hjelpe til med dette.
Vi har to forslag til hvordan denne identiteten kan fungere. Vi ønsker tilbakemelding på hvilket forslag du syns funker best for deg og din wiki, nå og i framtida. Du kan komme med tilbakemeldinger på diskusjonssida på et hvilket som helst språk. Forslagene ble posta i oktober, og vi vil konkludere diskusjonen etter 17. januar.
Tala for besøk på nettleksikon i Noreg i 2021 vart nyleg delt på Torget. Ikkje overraskande er det Wikipedia som er mest besøkt. Den engelskspråklege versjonen ligg noko over Wikipedia på bokmål+nynorsk, med høvesvis 348 millionar og 325 millionar besøk. Til samanlikning har neste på lista, Store Norske Leksikon, 112 millionar sidevisningar. Talen til tala er klar: Wikipedia er staden folk flest går til når dei skal finna ut av noko.
Det er òg nok ei påminning om at innsatsen de aktive wikipedianarane gjer er utruleg viktig. Vi håper desse tala er motiverande for både erfarne og nye bidragsytarar.
Takk til H@r@ld som delte denne informasjonen med oss.
Botkøyringsworkshop
Søndag 27. februar kl. 12.00–16.00 inviterer vi til botkøyringsworkshop! Der skal vi gå gjennom korleis ein set opp og køyrer det vanlegaste botrammeverket, Pywikibot, på PAWS, med gjennomgang av nokon av dei vanlegaste standardskripta i Pywikibot.
Torsdag 24. mars inviterer Wikimedia Noreg og Skeivt arkiv til ein panelsamtale på Litteraturhuset i Bergen. Temaet for samtalen er korleis arkiv, museum og Wikipedia kan synleggjere og formidle skeiv historie, kunst og kultur. I panelsamtalen undersøker vi korleis vi nyttar notidas merkelappar på fortida. Ein felles forståing av kva skeiv historie er, vil bidrege til at vi saman, i arkiv- og kunstsamlinger og på Wikipedia, kan synleggjere skeiv historie.
Arrangementet er ein del av markeringa av Skeivt kulturår 2022.
Dagen etter, 26. mars frå 12–14 inviterer vi til årsmøte i Wikimedia Noreg. Det skjer på Litteraturhuset i Bergen. Alle medlemmar er hjarteleg velkomne. Det vil bli tilrettelagt for strøyming av årsmøtet, og mogleik for å røyste digitalt.
Aktive bidragsytarar kan få reisestønad. Send ein e-post til astrid@wikimedia.no for å be om reisestønad.
Hugs kontingent før årsmøtet!
Endeleg kan du bruke Vipps til å etablere fast årleg betaling av medlemskap! Vi har oppdatert heimesida, og håper enda fleire vil bruke fast betaling. Viss du vil bruke avtalegiro er det fortsatt mogleg.
Hugs at du må ha betalt kontingenten for 2022 for å ha røysterett ved årsmøtet.
1. desember er fristen for å søka om wikistipend frå Wikimedia Noreg. Du kan søka viss du har ein idé til eit wikirelatert prosjekt som du treng litt ekstra pengar til å gjennomføra – det er veldig ope, så lenge resultatet gagnar Wikimedia-prosjekta på noko vis.
Same dato deler vi òg ut Retriever-tilgangane for perioden fram til 20. mai 2023. Via Retriever, som tidlegare heitte Atekst, kan du søka i arkivet til 2916 norske nyheitskjelder. Skriv deg på lista på Wikipedia om du er interessert.
Viktig utval blir nedsett
Korleis kan vi stimulera til at medlemstalet i foreininga vår aukar? Vi håper at du vil bidra med gode innspel.
Årsmøtet 2022 vedtok einstemmig at det skal nedsetjast eit utval som skal greia ut medlemsvekst. Styret i foreininga vår har skrive eit mandat, slik at utvalet får gode rammer for arbeidet. Utvalet skal bestå av medlemmer og andre wikimedianere og ein representant frå administrasjonen, og dei skal levera ein rapport 15. januar 2023
Vi oppfordrar alle som ønsker meir informasjon, eller som ønsker å delta i utvalet, til å ta kontakt med styreleiar Marie Nicolaisen innan 27. november på marie@wikimedia.no.
Starthjelp
Kjenner du nokon som har lyst til å bidra på Wikipedia, men ikkje veit korleis dei skal komma i gang?
På Wikipedia kan dei få ein fadder, og det finst eit nybyrjarforum. No kan dei òg møta ein erfaren wikipedianar ansikt til ansikt og spørja om alt dei lurer på. Den første onsdagen i månaden tilbyr WMNO starthjelp på eit digitalt treff. Første moglegheit: 7. desember kl. 19-20.
Dette skjer før jul
Wikitreff:Tysdag 22. november kl. 17–22 på Deichman Bjørvika. Eldsjeler møtest til samtale og samarbeid. Etter treffet går dei som ønsker det, vidare til Døgnvill Burger.
Kjære administrator eller fadder på nynorsk-Wikipedia! Hald av siste helga i oktober, om du vil vere med på fagleg oppdatering og nettverksmøte i Oslo. Dersom du bur ein annan stad i landet, kan Wikimedia Noreg dekke reise og opphald for deg. Jon Harald Søby (WMNO) og Anne Sande (WMNO) organiserer treffet og set i gang planlegginga i august, men gje gjerne innspel om nyttige tema allereie nå. Anten her eller på post@wikimedia.no. Beste helsing, for Wikimedia Noreg, Elisabeth Carrera (WMNO) (diskusjon) 22. juli 2024 kl. 20:11 (CEST)
Wikiwand in your browser!
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.