Brukar:F.bendik/Søby (Ærø)
From Wikipedia, the free encyclopedia
Søby er den nordlegaste byen på Ærø med 445 innbyggjarar (2018).[1] Han høyrer liksom den øvrige delen av øya til Ærø Kommune og ligg i Region Syddanmark. Søby er ein til aktiv verft- og fiskeriby med Søby Verft, handelsliv, ferjedrift og næringslivshamn. Der er dagleg ferjesamband til Fynshav på Als og til Faaborg på Fyn.
Søby Kyrkje vart innvigd i 1745 og er ein pietisk kyrkje både utvendig og innvendig. Kyrkjerom vart i 1976 endra av arkitekt Alan Havsteen-Mikkelsen.
![Thumb image](http://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/0/05/Arroe_by_Blaeu_1665_%28cropped%29.jpg/640px-Arroe_by_Blaeu_1665_%28cropped%29.jpg)
Ærø Single Folk Festiva9l afholdes kvart år i Søby fredag, laurdag, søndag sist i juli. Festivalen som starta i 2000, er den einaste single-festival i Danmark, men har med tida utvikla seg til å vera ein festival både for einslege og par.
Frå Søby er det snaue 15 km til Ærøskøbing og 23 kilometer til Marstal.
Søby er utgangspunkt for den meir enn 200 km lange tursti, Øhavsstien som forbind Ærø med Langeland, Tåsinge og Sydfyn.