From Wikipedia, the free encyclopedia
Ein kokkekniv er namnet på ein universalkniv til bruk i matlaging. Kokkekniven si oppgåve er å bearbeida ei rekke råvarer til matlaging. Ein kokkekniv kan variera mykje i storleik og form, avhengig av kultur eller kva råvarer kniven skal brukast til. Det finst mange ulike typar kokkeknivar, nokon til generell bruk og andre til spesifikk bruk. Det finst òg stor variasjon i kva materiale som er brukt i skaftet og i bladet.
Ein kniv til bruk i matlaging består av eit blad og eit skaft. Bladet på ein kokkekniv er vanlegvis av legert stål som er motstandsdyktig mot oksidering. Andre føretrekker kokkeknivar av vanleg stål eller keramiske blad.
Den skarpe kanten av kokkekniven er kniveggen. Bruk og tradisjon avgjer korleis eggen ser ut. Det er vanlegast å bruka kokkeknivar som har ein egg med to skarpslipte kantar på begge sider av bladet, sjå illustrasjon (b). I japansk knivtradisjon, derimot, er det vanleg med kokkeknivar som berre har egg på den eine sida, sjå illustrasjon (a) og (c). Ein kniv med eggen på venstre sida (a) passar berre for keivhendte personar. Knivar med egg på den eine sida er vanleg i japansk mattradisjon til bruk i sushi og når ein skal dela opp matvarer i særdeles tynne skiver.
Knivar har ein tange som samanbindar bladet og skaftet. I europeisk tradisjon er det vanleg at ein bruker fulltange, som vil seia at skaftet består av to plater som er festa til stålet. Dette gjer at kniven får vekt i handtaket. Det finst òg knivar med skjult tange, der tangen går inn i skaftet, som resulterer i at kniven er «bladtungt» – meir vekt i sjølve knivbladet. Skjult tange er vanlegare i japansk tradisjon. Knivar med fulltange har oftast eit balansepunkt der skaftet går over til blad.
Skaftet er handtaket på kniven, som skal gjera det komfortabelt å halda han. Materialet på skaftet varierer avhengig av bruk, tradisjon eller estetikk.
Sabatier er eit vanleg namn på den franske kokkekniven. Denne kniven har ein rett, men skrå form frå hælen av bladet mot tuppen. Tuppen har ein meir avrunda egg. Vanleg bladlengde er mellom 205 mm til 260 mm. Som andre kokkeknivar i europeisk stil, har ein sabatier gjennomgåande tange. Kniven har tradisjonelt sett ein tynn bolster, eit slankt treskaft og nagler til å halda treskaftet fast i tangen.
Ein «gyuto» er ein japansk kokkekniv sterkt inspirert av fransk stil. Kniven har eit tynnare blad enn sabatier, og kjem vanlegvis i standardiserte storleikar, 210 mm, 240 mm og 270 mm. Ein gyuto kan både ha gjennomgåande tange i europeisk stil eller skjult tange. Den kan òg ha egg på den eine eller begge sider av bladet. Forma på bladet er ganske rett, men vert meir avrunda di nærmare tuppen ein kjem. Ein gyuto med skaft i europeisk stil og egg på begge sider er veldig populær i vesten.
Den tyske kokkekniven minnar veldig om den franske. Han har ein gjennomgåande tange med nagler i skaftet. Bladet har ein avrunda form, og er tjukkare enn dei japanske kokkeknivane. Eggen er heller ikkje like tynn.
er eit vanleg namn på ein fleirbrukskniv for matlaging. Sjølv om forma på bladet og skaftet kan variera etter land og produsent, er 20 cm den vanlegaste lengda. Europeiske kokkeknivar kjem i mange ulike variantar. Det er likevel vanleg å skilja mellom to ulike knivstilar, den tyske og franske. Den franske kniven, ofte kalla for «sabatier», Den tyske kokkekniven er oftast ikkje lengre enn 20 cm og har ein meir avrunda form.
Ein brødkniv har tagga egg som skal gjera det lettare å skjæra bakeverk. Brødkniven har ofte eit langt blad på mellom 25 cm og 30 cm som opnar opp for lange sagerørsler. Med taggane unngår ein å pressa nedover og øydeleggja matvaren.
er ein kjøkkenkniv med
Santoku er ein japansk kjøkenkniv.
Ein bør bruka skarpe knivar i matlaging. Sjølv om dei har større potensial til å laga alvorlege kuttskader, er ein kvass kniv tryggare ved rett bruk. Dette er fordi bladet går lettare gjennom matvaren, slik at ein ikkje treng å bruka så mykje kraft. Det finst mange ulike typar knivar, avhengig av kva råvarer ein skal dela opp eller korleis bitane skal sjå ut. I spansk kultur er det vanleg å ha eigne skinkeknivar, «cuchillo jamonero», medan i japansk matlaging bruker dei «deba bōchō» (出刃包丁), knivar til sløying av fisk. Nedanfor er det eit oversyn over dei vanlegaste knivtypane.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.