From Wikipedia, the free encyclopedia
Bringebær eller bringbær (Rubus idaeus) er ein toårig plante i rosefamilien, som vert dyrka for dei søte fruktene han ber.
Bringebær | |
Bringebær | |
Systematikk | |
Rike: | Planteriket Plantae |
Rekkje: | Karplantar Tracheophytes |
Underrekkje: | Frøplantar Spermatophytes |
Orden: | Roseordenen Rosales |
Familie: | Rosefamilien Rosaceae |
Underfamilie: | Rosoideae |
Slekt: | Bjørnebærslekta Rubus |
Art: | Bringebær R. idaeus |
Vitskapleg namn | |
Rubus idaeus |
Det første året kjem det kraftige rotskot, som vert til lange (vanlegvis 1,5 m–2 m) stammer med tynne greiner. På seinsommaren det andre året kjem det raude eller gule frukter på greinene. Om hausten døyr heile stamma og vert stiv og sprø, og om våren kjem det nye rotskot.
Dette er ein plante med sirkumpolar utbreiing. Viltveksande bringebær skil seg ikkje mykje frå dei dyrka, men bæra og til dels planten er mindre. Denne vert kring 1 m høg. Dei øvre blada er trekopla. Blada er kvitfilta under. Blomane har grålodne begerblad og opprette kvite kronblad. Villbringebær blomstrar kring juni månad på steinete stader gjennom heile Noreg, men er sjeldan lengst i nord. Planten er funnen opp til 1330 m på Hardangervidda.
Dei fleste odla bringebær ulike hybridar av R. idaeus og R. strigosus.[1]
Gule:
Raude:
Sortane Asker, Balder, Borgund, Glen Ample, Malling Admiral, Malling Orion, Stiora, Varnes, Vene og Veten står på den offisielle sortslista.[2]
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.