From Wikipedia, the free encyclopedia
Borovsk (russisk Боровск) er ein by i Kaluga oblast i Russland med om lag 12 000 innbyggjarar. Han ligg ved elva Protva, rundt 80 km nord for Kaluga og 100 km sørvest for Moskva.
Borovsk Боровск | |||
---|---|---|---|
| |||
Plassering | |||
Styresmakter | |||
Land | Russland | ||
Føderasjonssubjekt | Kaluga oblast | ||
Grunnlagd Bystatus |
1300-talet 1358 | ||
Geografi | |||
Innbyggjarar - Totalt (2008) |
11 762 | ||
Koordinatar | 55°12′N 36°29′E | ||
Diverse annan informasjon | |||
Postnummer | 249010 | ||
Retningsnummer (tlf) | +7 |
Borovsk vart første gong nemnt på 1200-talet, som ein del av Fyrstedømet Rjazan. På 1300-talet var han eigd av Vladimir av Serpukhov, men hamna under Storfyrstedømet Moskva då barnebarnet hans Maria av Borovsk gifta seg med Vasilij II.
I 1444 vart det kjende Pafnutievklosteret grunnlagd nær Borovsk. Dei sterke murane, tårna og den massive katedralen i klosteret har overlevd sidan Boris Godunov sitt styre. To kjende gammaltruande, erkeprest Avvakum Petrovitsj og bojarynja Feodosija Morozova, vart gravlagd ved dette klosteret på andre halvdel av 1600-talet.
Av fortidsminne i Borovsk er den eldste trekyrkja i regionen og eit museum til Konstantin Tsiolkovskij, som budde og arbeidde her som lærar frå 1880–1891. Borovsk er nyleg vore kjend for måla fasadar på bygningane i sentrum, eit resultat av eit arbeid frå ein lokal målar.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.