Borovitsji

From Wikipedia, the free encyclopedia

Borovitsjimap

Borovitsji (russisk Боровичи) er ein by i Novgorod oblast i Russland med om lag 55 000 innbyggjarar. Han ligg lengst nord i Valdajhøgdene, 160 km aust-nordaust for Novgorod.

Kjappe fakta Plassering, Styresmakter ...
Borovitsji
Боровичи
Thumb
Horisonten til Borovitsji
Thumb
Byvåpenet til Borovitsji


Plassering
Thumb
Styresmakter
Land Russland
Føderasjonssubjekt Novgorod oblast
Først nemnd i
Bystatus
1495
1770
Borgarmeister Aleksander Kostjukhin
Geografi
Flatevidd
 - By

45 km²
Innbyggjarar
 - Totalt (2008)
   - folketettleik

56 107
  1 246,8 /km²
Koordinatar 58°24′00″N 33°54′00″E
Høgd over havet 90 moh.
Diverse annan informasjon
Postnummer 17440x
Retningsnummer (tlf) (+7)81664
Nettstad: boradmin.ru
Lukk

Byen ligg ved elva Msta og like oppfor frå Borovitsji ligg dei kjente Msta-strykA, som er populære hos turistar.

Historie

Busetnaden vart først nemnt i 1495. Han fekk status som by i 1770 av Katarina II. Den viktigaste levevegen til byen var å lose skip gjennom stryka på elva Msta, som var ein del av ein viktig vassveg som knytte det sentrale Russland til Austersjøen (derfor finst eit ror på byvåpenet som vart godkjend av Katarina II). Men ved midten av 1800-talet hadde Msta-elva som transportrute vorte mindre viktig, og etter opninga av Volga-Austersjøkanalen og jernbanen MoskvaSankt Petersburg.

På 1800-talet vart det i nærleiken av Borovitsji funne førekomstar av ei spesiell leire som egna seg til eldfast teglstein og den første fabrikken for produksjon av eldfast teglstein i området opna i 1855. I 1878 gjorde eit sidespor til jernbanen MoskvaSankt Petersburg ved Uglovka-stasjonen det mogeleg å opprette fleire store fabrikker for slik produksjon i 1880. Òg i dag er ein stor del innbyggjarane tilsett i teglstein-industrien.

Under den andre verdskrigen var det ein krigsfangeleir i Borovitsji, der det frå 1944 til 1947 var fleire tusen fangar. Leiren vart oppløyst i 1953.

Bakgrunnsstoff

Kjelder

Wikiwand in your browser!

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.

Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.