![cover image](https://wikiwandv2-19431.kxcdn.com/_next/image?url=https://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/2/23/Blick_vom_neuen_Leuchtturm_der_Insel_Borkum_in_der_Nordsee.jpg/640px-Blick_vom_neuen_Leuchtturm_der_Insel_Borkum_in_der_Nordsee.jpg&w=640&q=50)
Borkum
From Wikipedia, the free encyclopedia
Borkum er ei øy og ein kommune nordvest i Tyskland. Han ligg i landkreis Leer i Niedersachsen og har eit areal på 30,7 km² og eit folketal på om lag 5 500 innbyggjarar. I vest dannar sundet Westereems grensa til Nederland, i aust ligg Osteremssundet, i nord Nordsjøen og i sør Vadehavet. Ho er den største og vestlegaste av Dei austfrisiske øyane nord for den nederlandske provinsen Groningen.
Borkum | |
---|---|
![]() Byen Borkum fotografert frå fyret | |
Geografi | |
Stad | Vadehavet |
Koordinatar | 53°35′N 06°40′E |
Øygruppe | Dei austfrisiske øyane
|
Areal | 30,74 km²
|
Administrasjon | |
Land | Tyskland |
Delstat Landkreis | Niedersachsen Leer |
Største busetnad | Borkum
|
Demografi | |
Folketal | 5 547 (2007) |
Folketettleik | 180 /km² |
Øya vart danna av to tidlegare fråskilde øyar, som framleis var fråskild av grunt vatn i 1863. Fløtsen mellom dei to tidlegare øyane vart kalla Tüskendör.
19. og 20. desember 1934 skaut Wernher von Braun opp «Max» og «Moritz», to prototypar på A2-raketten, frå øya. Lager Borkum, ein nazistisk arbeidsleir på Alderney var kalla opp etter Borkum.
Fleire tidlegare tyske soldatar frå den 216. Marine-Flak-Abeitlung vart stilt for krigsrett under Dachau-prossesen i 1946. Dei vart skulda for å ulovleg ha avretta sju amerikanske soldatar som overlevde ein styrt på øya 8. april 1944.
Det er delvis forbode med bilar på øya. I lågsesongen kan bilar køyre overalt, medan det til visse tider på året er bilfrie soner. Den einaste byen på øya vert òg kalla Borkum.