stasjon på Bergensbanen From Wikipedia, the free encyclopedia
Bolstadøyri stasjon ligg på Bolstadøyri i Voss kommune i Vestland og er ein stasjon på Bergensbanen. Han vart opna i 1883 som del av Vossabanen. Det er lokaltoga på strekkja Bergen-Voss-Myrdal som stoppar på stasjonen. Frå 1883 til 1923 heitte stasjonen Bolstad.[1]
Bolstadøyri stasjon | |
Bolstadøyri stasjon på slutten av 1800-talet. Foto: Axel Lindahl | |
Stasjonsområde | |
---|---|
Stad | Bolstadøyri, Voss (Vestland) |
Koordinatar | 60°38′16″N 5°57′28″E |
Distanse | 414,13 km frå Oslo |
Opna | 1883 |
Arkitekt | Balthazar Lange |
Linjer og rutedrift | |
Linje(r) | Bergensbanen |
Eigar(ar) | Bane NOR |
Operatør(ar) | Vy Tog |
Overgang | |
Bolstadøyri ligg mellom Jørnevik haldeplass og Dale stasjon, 414,13 km frå Oslo.
Stasjonsbygningen vart teikna av Balthazar Lange, og vart oppført etter ein typeteikning kalla fjerde klasse som også vart nytta til Nesttun stasjon (sidan flytt til Ygre stasjon), Haukeland stasjon, Arna gamle stasjon, Trengereid stasjon, Stanghelle stasjon, Dale stasjon (sidan flytt til Reimegrend stasjon), Evanger stasjon og Bulken stasjon på Vossabanen.[2] Då Bergensbanen opna vart mange av desse stasjonsbygningane forlenga.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.