From Wikipedia, the free encyclopedia
Bolsjevik er ei nemning brukt om tilhengarane av bolsjevismen, den retninga innanfor det russiske sosialdemokratiske arbeidarpartiet RSDRP/RSDAP som under leiing av Vladimir Lenin blei til det sovjetiske kommunistpartiet og skapte internasjonal kommunisme. Nemninga tyder fleirtalsmann på russisk.
Den internasjonale kommunismen blei i 1919 organisert i den Kommunistiske Internasjonalen, også kalla Tredje Internasjonalen, som Josef Stalin oppløyste i 1943. Etter den tid finst det eigentleg ikkje lenger nokon internasjonal kommunisme, men ei rekkje ulike «kommunismar» knytte til dei ulike eittpartiregima der det statsberande partiet har brukt denne nemninga om seg sjølv.
Ein tilhengar av den andre hovudretninga i RSDRP/RSDAP blei kalla mensjevik, noko som i russisk kontekst i praksis kom til å bety demokratisk sosialist. Den fremste personlegdomen i mensjevismen var Julius Martov.
Denne artikkelen treng referansar for verifikasjon. |
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.