Bokby
From Wikipedia, the free encyclopedia
Ein bokby er ein landsby, liten by eller ei bygd der ein har sett bøker i fokus, og då særleg sal av brukte bøker.
![Thumb image](http://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/8/80/Bokbyen_Fj%C3%A6rland.jpg/640px-Bokbyen_Fj%C3%A6rland.jpg)
Den fyrste bokbyen vart starta av Richard Booth i Hay-on-Wye i Wales. Etterkvart har det vorte bokbyar andre stader også, dei fleste i Europa, men også i andre delar av verda.
I Noreg er det to bokbyar, den fyrste er i Fjærland og heiter «Den norske bokbyen», og den andre er i Tvedestrand og heiter «Bokbyen ved Skagerrak».
Ein del av bokbyane er organisert i the International Organisation of Book Towns.