![cover image](https://wikiwandv2-19431.kxcdn.com/_next/image?url=https://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/9/91/Phyllotaxis_%25283540498156%2529.jpg/640px-Phyllotaxis_%25283540498156%2529.jpg&w=640&q=50)
Bladstilling
From Wikipedia, the free encyclopedia
Bladstilling eller fyllotaksis er eit botanisk uttrykk som tek for seg korleis blada på ein plante sit på stengelen i høve til kvarandre. For plantene er det viktig at blada lagar minst mogleg skugge for kvarandre, så dei er gjerne spreidde ut på ulike vis. Det er fire grunnleggjande bladstillingar:
![Thumb image](http://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/3/34/Ulistnienie.svg/320px-Ulistnienie.svg.png)
- Skruestilt, også kalla spreidd eller alternerande. Her sit blada eitt og eitt i ein skrue oppover stengelen. På ein viss sted på stengelen sit det berre eitt blad. Rotasjonsvinkelen mellom to blad som står etter kvarandre varierer, men i høve til ein heil rotasjon kan han som regel uttrykkast som ein brøk der teljaren er eit fibonaccital og nemnaren er det påfølgjande fibonaccitalet, som 1/3, 2/5, 3/8, 5/13 og vidare.
- Motsett - her sit blada parvis, eitt på kvar side av stengelen og festa i same leddknute. Ofte sit bladpara krossvis, altså 90° rotert i høve til føre og neste par.
- Kransstilt - liknar på motsett bladstilling, men det sit meir enn to blad på kvar leddknute. Vanleg bladtal i kvar krans er 3, 4, 6, 8, men det finst også andre tal.
- Rosettstilt - her sit alle blada ved bakken. Planten har ofte berre ein stengel som også kan ha blad, men disse blada er ofte annleis og mindre enn rosettblada.
![Thumb image](http://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/9/91/Phyllotaxis_%283540498156%29.jpg/640px-Phyllotaxis_%283540498156%29.jpg)