Bladfotkreps
From Wikipedia, the free encyclopedia
Bladfotkreps (Branchiopoda) er ein klasse primitive krepsdyr som hovudsakleg lever i ferskvatn. Det finst om lag 900 beskrivne artar over heile verda, og dei fleste liknar reker. Til gruppa høyrer slektene Daphnia og Artemia, som både er karakteristiske planktondyr og viktige som levandefôr for akvariefisk.
Bladfotkreps | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Underrike: | Bilaterale dyr Bilateria |
Infrarike: | Protostomia |
Rekkje: | Leddyr Arthropoda |
Underrekkje: | Krepsdyr Crustacea |
Klasse: | Bladfotkreps Branchiopoda Latreille, 1817 |
Den eldste kjende arten bladfotkreps har fått namnet Rehbachiella kinnekullensis og levde for 500 millionar år sidan. Han liknar Artemia, noko som har ført til at ein meiner artemidane er dei mest primitive medlemmane i klassa.
Bladfotkreps generelt sett er utstyrt med ei matgrop på buksida, som dei nyttar til å filtrera plankton or vatnet med. Ei samling uspesialiserte bein skapar ei vasstraum som går gjennom denne gropa, og som dyret tek ut mat og oksygen frå. Forskarar trur dette er den eldste livsforma til krepsdyra.