Blåskjel
blautdyrart / From Wikipedia, the free encyclopedia
Blåskjel (latin Mytilus edulis) ein muslingart i blåskjelfamilien. Han finst i salt- og brakkvatn i Atlanterhavet og Austersjøen. I Middelhavet finn ein den nærskylde Mytilus galloprovincialis. Skalet er frå blått til brunsvart på utsida, ljoseblått og kvitt på innsida. Skalet er opp til ti cm langt. Skala blir haldne saman av ein lukkemuskel. Skjelet pustar med gjeller. Skjela legg 5-12 millionar egg. Desse utviklar seg til larvar som driv i sjøen ein månads tid før dei festar seg på fast underlag som stein og anna ved hjelp av byssustrådar. Skjela lever i koloniar eller klyngar. Dei trivst best i oksygenrikt vatn, til dømes i tidvassona. Dei har vaksen storleik etter eit til to år.
Blåskjel | |
Blåskjel frå sida, frå undersida og ope med overskore lukkemuskell | |
Status | |
Status i Noreg: Livskraftig | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Blautdyr Mollusca |
Klasse: | Muslingar Bivalvia |
Underklasse: | Pteriomorphia |
Orden: | Mytiloida |
Familie: | Mytilidae |
Slekt: | Mytilus |
Art: | Blåskjel M. edulis |
Vitskapleg namn | |
Mytilus edulis |
Blåskjel lever av plankton dei filtrerer ut av sjøvatnet. Blåskjel er byttedyr for sjøstjerner, kvalross og einskilde fugle- og fiskeslag.
Blåskjel blir nytta som menneskemat. Under oppblomstring av særskilde algar kan skjela bli giftige.