From Wikipedia, the free encyclopedia
Bjarte Birkeland (26. desember 1920–7. april 2000) var ein norsk litteraturforskar. Han blei cand.philol med norsk hovudfag ved Universitetet i Oslo i 1948. Seinare var han professor i nordisk litteratur ved Universitetet i Bergen 1969-1984, og arbeidde særleg med nynorsk litteratur, mellom anna gjennom doktoravhandlinga om Per Sivle frå 1962, som seinare har blitt ståande som eit standardverk innanfor Sivle-forskinga, og to verk om Olav Duuns dikting. Han var òg medverkande i fleire bøker om norsk litteraturhistorie.
Bjarte Birkeland | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 26. desember 1920 Noreg |
Død | |
Yrke | litteraturhistorikar, universitetslærar |
Språk | nynorsk |
I studieåra var han aktiv i Studentmållaget i Oslo, og hadde fleire verv, mellom anna som formann. Seinare hadde han fleire verv i ymse kulturinstitusjonar, var redaktør i Syn og Segn frå 1960 til 1968, og var første faste tilsette forlagssekretær og styremedlem i Samlaget. I 1979 blei han heidersmedlem i Samlaget. Ei tid arbeidde han også på deltid i Noregs Boklag. Redaktørtida hans i Syn og Segn var ei opplagsmessig framgangstid, og bladet fekk under Birkelands leiing[1] ein breiare populærvitskapleg profil. Samstundes var han også aktiv skribent i dagspressa og ulike tidsskrift.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.