kyrkje i Aurskog-Høland i Akershus From Wikipedia, the free encyclopedia
Bjørkelangen kyrkje er ei langkyrkje i tre i Aurskog-Høland kommune, Viken fylke.
Bjørkelangen kyrkje | |||
kyrkje | |||
Foto: GAD | |||
Kyrkjesamfunn | Den norske kyrkja | ||
---|---|---|---|
Bispedøme | Borg | ||
Prosti | Østre Borgesyssel | ||
Sokn | Bjørkelangen | ||
Fellesråd | Aurskog-Høland | ||
Type | Langkyrkje | ||
Arkitekt | Th. Bjørnstad | ||
Material | Tre | ||
Innvigd | 20. november 1925 | ||
Kyrkjegard | Ved kyrkja | ||
Preikestol | Audun Bødtker, 1951–53 | ||
Døypefont | Audun Bødtker, 1960 | ||
Altartavle | Gunnar Wang (korveggen), Audun Bødtker (altar, 1951–53, dels fjerna) | ||
Sitjeplassar | 250 | ||
Bjørkelangen kyrkje 59.87694444°N 11.55944444°E | |||
Wikimedia Commons: Bjørkelangen kirke | |||
Kyrkja vart oppført i 1923–25 av byggmeister Olaf Fallet og dei tre sonane hans.
Korveggen er måla av Gunnar Wang med eit bilete (på 7,5 m x 5 m) av himmelferda. Dette vart dekt til ved ei restaurering i 1951–53, då kyrkja fekk nytt inventar skore av Audun Bødtker, m.a. med relieffpanel på framsida av alteret og ei kalvariegruppe oppå det. I 2001–02 vart Wangs bilete avdekt og Bødtkers panel fjerna. Kyrkja har òg eit sidealtar i vest. (Hovudinngangen er i sør.) Bødkter har dessutan laga preikestol og døypefont.
Kyrkjegarden (vigsla 1. februar 1913) vart teken i bruk nokre år før kyrkja vart oppført. Eit kombinert bårehus og servicebygg vart vigsla i 1982.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.