Birmingham City
From Wikipedia, the free encyclopedia
Birmingham City Football Club er ein engelsk profesjonell fotballklubb som spelar i EFL Championship i 2020/2021-sesongen. Klubben spela i 2010/11-sesongen i Premier League, etter å ha rykt opp frå Football League Championship i 2009. Klubben blei stifta i 1875, og kom med i The Football League i 1892, då 2. divisjon i ligaen vart oppretta. Kallenamnet til Birmingham City er «The Blues», og dei spelar heimekampane sine på St Andrew's i Birmingham. Birmingham er den nest største byen i England og ligg i regionen West Midlands, om lag 20 mil nordvest for London. Birmingham City sin store lokalrival er Aston Villa, som også kjem frå Birmingham og ofte har vore storebror av dei to Birmingham-klubbane.
Kjappe fakta Fullt namn, Kallenamn ...
Birmingham City | |
logo | |
Fullt namn | Birmingham City |
---|---|
Kallenamn | The Blues |
Grunnlagd | Ukjend |
Heimebane | St. Andrew's Stadium, Birmingham (Kapasitet: 30 009) |
Styreleiar | David Gold |
Hovudtrenar | Alex McLeish |
Liga | Football League Championship |
2018/19 | 17. plass |
Close