Binyrene (latin Glandula suprarenalis) er eit par av endokrine (indresekretoriske) kjertlar hos pattedyr, som er lokalisert ved sida av nyrene.

Thumb
Anatamisk illustrasjon

Anatomi

Binyrene er lokalisert bilateralt i retroperitoneum ovanfor og litt medialt til nyrene. Hos mennesket er den høgre binyra trekantforma, medan venstre binyra er halvmåneforma. Kvar binyre er sett saman av to delar: den ytre binyrebarken (medula) og den ​​indre binyremergen (cortex). Dei to delane har forskjellig opphav, funksjon og oppbygging, og derfor er det naturleg å sjå på binyrene som to forskjellige endokrine organ.

Fysiologi

I motsetning til den direkte handlinga til binyrebarken, er binyremergen regulert av nevroendokrine hormon utskilt frå hypofysen som er under kontroll av hypothalamus, så vel som av Renin-angiotensin-aldosteron-systemet som er svært viktig i blodtrykksreguleringa og for salt- og vassreguleringa i kroppen.

Binyrene skil ut ei rekkje ulike hormon som vert metabolisert av enzym anten i binyrene eller i andre delar av kroppen. Binyrebarkcellene produserer meir enn 30 forskjellige hormon, til dømes glukokortikoid, mineralokortikoid, kortisol, aldosteron og androgen. Binyremergcellene produserer adrenalin og noradrenalin.

  • Aldosteron og mineralkortikoid: Aldosteron fører til auka reabsorpsjon av natrium og auka utskiljing av både kalium og hydrogenion.
  • Kortisol og glukokortikoid: Kortisol er det viktigaste glukokortikoidet under normale forhold og mobiliserer feitt, protein og karbohydrat, men det aukar ikkje i forhold til svolt. I tillegg aukar kortisol aktiviteten av andre hormon inkludert glukagon og katekolamin.
  • Adrenalin og noradrenalin: Binyrene er ansvarleg for det meste av sirkulerande adrenalin i kroppen, men bere ei lita mengd av sirkulereande noradrenalin. Desse stoffa er laga i binyremerga. Adrenalin og noradrenalin har innvirkning på hjartefrekvens og utviding av blodårer.

Sjukdommar

  • Binyresvulstar kan resultere i over- eller underproduksjon av visse hormon i binyrene.
  • Hyperaldosteronisme: binyrene produserer for mykje aldosteron.
  • Feokromocytom: binyrene skil ut store mengder katekolaminar.
  • Endogen Cushings syndrom: binyrene produserer for mykje kortisol.
  • Binyreinsuffisiens: ei gruppe sjukdommar med underproduksjon av kortisol eller aldosteron. Problemet kan kome frå binyrene sjølve eller frå hypofysen.
    • Addisons sjukdom er ei sjeldan liding der binyrene ikkje produserer nok glukokortikoid (hovudsakleg kortisol). Dette kan vere forårsaka av ein autoimmun reaksjon ved visse infeksjonar eller av nokre andre sjeldne årsaker.
    • Medfødd adrenal hyperplasi er genetiske defektar av enzym involvert i kortisolproduksjonen og kan påverke kjønnskarakteristikkar hos individet.
    • Waterhouse-Friderichsens syndrom er binyresvikt på grunn av blødningar i binyrene, forårsaka av alvårleg bakteriell infeksjon.
  • Isolert hypoaldosteronisme kan i sjeldne tilfelle oppstå på grunn av manglande syntese av aldosteron
  • Manglande binyrer: sjeldan medfødd tilstand


Wikiwand in your browser!

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.

Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.