William Patrick «Billy» Corgan, Jr. (fødd17. mars1967) er ein amerikansk songar, låtskrivar, gitarist og stundom diktar som er mest kjend som frontmann og permanent medlem av The Smashing Pumpkins. Bandet vart danna av Corgan og gitarist James Iha i Chicago i 1987 og vart seinare utvida med bassist D'arcy Wretzky og trommeslagar Jimmy Chamberlin. I løpet av tre år vart The Smashing Pumpkins eit populært band. Med sterke albumsal og storskala turnear vart bandet stadig meir kjend utover i 1990-åra, medan dopproblema til Chamberlin etter kvart vart så store at han fekk sparken. The Pumpkins heldt fram som ein trio fram til Chamberlin kom attende til bandet i 1999, før det vart oppløyst i 2000. Corgan starta like etter eit nytt band med Chamberlin kalla Zwan, og etter det vart oppløyst, gav han ut eit soloalbum og ei diktsamling før han gjenforeinte Smashing Pumpkins.
Den nye versjonen av bandet bestod av Corgan, Chamberlin og forskjellige musikarar. Dei gav ut eit album i 2007 og følgde opp med ein langvarig turne. Chamberlin forlét The Smashing Pumpkins i mars 2009, medan Corgan har halde fram bandet med nytt mannskap og spelt inn albumet Teargarden by Kaleidyscope.
Album
2005: TheFutureEmbrace (#31 US, #67 GER, #24 AUS)
Filmmusikk
1996: Ransom
1997: First Love, Last Rites («When I Was Born, I Was Bored»)
1999: Stigmata
2000: Any Given Sunday («Be A Man» av Hole)
2002: Spun (Corgan skreiv originale songar for filmen)
2004: National Treasure («Forget It»)
2006: «Dance of the Dead» (episoden Masters of Horror)
2007: When a Man Falls in the Forest (tre tidlegare ikkje utgjevne songar)
2011: The Chicago Code (Corgan spelar opningstemaet, skriven av Robert Duncan)
Gjestearbeid
1991: Sparkle (av Catherine, produsert av Corgan)
1994: Songs About Girls (av Catherine, «It's No Lie» er produsert av Corgan)
1994: Chante Des Chanson Sur Les Filles (av Catherine, EP produsert av Corgan som «Johhny Goat»)
1994: Sleepy EP (av Catherine, EP produsert av Corgan)
1996: Guitars That Rule the World, Vol. 2: Smell the Fuzz:The Superstar Guitar Album (av forskjellige artistar, Corgan er tilskriven som låtskrivar og musikar på «Ascendo»)
1997: Starjob (av The Frogs, EP produsert av Corgan som «Johhny Goat»)
1997: Troublizing (av Ric Ocasek, Corgan har skrive «Asia Minor» og spelar gitar på fleire songar)
1998: Celebrity Skin (av Hole, Corgan har skrive fleire songar)
1998: «I Belong to You», ein song av Lenny Kravitz, som Corgan remixa
1998 Mechanical Animals av Marilyn Manson, Corgan syng korvokal på «Speed of Pain».
1999: Paraphernalia (av Enuff Z'Nuff, Corgan spelar gitar på songen «Everything Works If You Let It»)
2000: Iommi (av Tony Iommi, Corgan har skrive og syng på «Black Oblivion»)
2001: Get Ready (av New Order, Corgan syng på «Turn My Way»)
2002: Kissin' Time (av Marianne Faithfull, Corgan har skrive to songar, og medverkar på ein tredje)
2003: «Lights Out» (av Lisa Marie Presley, Corgan har skrive «Savior»)
2004: We Are Not Alone (av Breaking Benjamin, Corgan har skrive tre songar)
2004: The Essential Cheap Trick (av Cheap Trick, Corgan spelar gitar på konsertopptaket av «Mandocello»)
2004: About a Burning Fire (av Blindside, Corgan spelar gitar på «Hooray, It's L.A.»)
2005: Life Begins Again (av Jimmy Chamberlin Complex, Corgan syng på «Loki Cat»)
2005: Blue-Sky Research (av Taproot, Corgan medverka som låtskrivar på tre songar)
2006: ONXRT:Live From The Archives Volume 9 (ei samleplate frå radiostasjonen 93 WXRT i Chicago med opptak av songen «A100»)
2007: Humanity Hour 1 (av Scorpions, Corgan syng på «The Cross»)
2010: Nobody's Daughter (av Hole, Corgan er medlåtskrivar på tre songar)
2010: See My Friends (av Ray Davies, Corgan medverkar på songen «All Day And All Of The Night/Destroyer»)