Beringsundet er eit sund som skil Russland i Asia frå Alaska i Amerika, og bind saman Tsjuktsjarhavet i Nordishavet med Beringhavet i Stillehavet.

Thumb
Satellittbilde av Beringsundet, med Diomedesøyane i midten.

Sundet er kalla opp etter den dansk-russiske oppdagaren Vitus Bering, som kryssa det i 1728. Det er rundt 85 km vidt, med ei djupne på 3050 meter. Midt i sundet ligg Diomedesøyane.

Bru over Beringsundet

Det er gjort framlegg om å laga ei bru som bind saman det eurasiske og det amerikanske kontinentet, føreslått kalla «den interkontinentale fredsbrua». Eit anna framlegg er å laga ein tunnel under sundet.

Under dei store istidene var området sundet no ligg i ei landbru mellom dei to kontinenta, og det amerikanske urfolket kom seg dit denne vegen.


Wikiwand in your browser!

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.

Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.