Bergs kommun
kommune i Jämtland len i Sverige / From Wikipedia, the free encyclopedia
Bergs kommun er ein kommune i Jämtlands län i Sverige. Kommunen grensar innanfor Jämtlands län til Åre kommun i nord, Östersunds kommun i nordaust, Bräcke kommun i aust og Härjedalens kommun i sør. Utanfor lenet grensar han dessutan til Ånge kommun i Västernorrlands län i aust og Tydal kommune i Noreg i vest. Administrasjonssenteret i kommunen er Svenstavik.
Kjappe fakta Land, Len ...
Bergs kommun | |||
kommune | |||
Reininngjerding på Ljungris i Berg | |||
|
|||
Land | Sverige | ||
---|---|---|---|
Len | Jämtlands län | ||
Landskap | Jämtland og Härjedalen | ||
Del av | Jämtland, Härjedalen, Q61666710, Q61666672 | ||
Centralort | Svenstavik | ||
Areal | 5 753 km² | ||
Folketal | 7 592 | ||
Folketettleik | 1 / km² | ||
Bergs kommun 62.766666666667°N 14.45°E / 62.766666666667; 14.45 | |||
| |||
Wikimedia Commons: Berg Municipality | |||
Nettstad: www.berg.se | |||
Lukk
I dei vestlege delane av kommunen finn ein mykje fjellnatur, medan områda i aust omfattar ein del jordbruksbygder. Det er flest tilsette innanfor teneste- og servicenæringane. Vinterturismen har mykje å seie i så måte, særleg i områda Klövsjö og Vemdalen. Inlandsbanan går dessutan gjennom Bergs kommun.