Bergljot Hobæk Haff
norsk skribent / From Wikipedia, the free encyclopedia
Bergljot Hobæk Haff (1. mai 1925–12. februar 2016) var ein norsk forfattar.
Kjappe fakta
Bergljot Hobæk Haff | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 1. mai 1925 Botne kommune |
Død |
12. februar 2016 (90 år) |
Yrke | skribent |
Språk | norsk |
Far | Lars Hobæk |
Lukk
Bergljot Hobæk Haff vart fødd i Botne i Vestfold. Ho er utdanna lærar og budde i mange år i Danmark. Debutromanen Raset kom ut i 1956 og fekk ei god mottaking hjå kritikarane. Bergljot Hobæk Haff fekk Kritikarprisen i 1962 for Bålet og igjen i 1996 for Skammen, og ho er ein av berre eit fåtal forfattarar som har fått denne høgthengande prisen to gonger, og den einaste med så stort tidssprang mellom dei to utdelingane. Det fortel om eit langt forfattarskap, men mest om at ho heile tida har skrive bøker av høg litterær kvalitet. Mange av romanane hennar er omsette til fleire andre språk.