From Wikipedia, the free encyclopedia
Berdjansk (ukrainsk Бердя́нськ, russisk Бердя́нск) er ein hamneby i Zaporizjzjia oblast (provins) søraust i Ukraina. Han er det administrative senteret i Berdjansk rajon (distrikt) og ligg på nordkysten av Azovhavet. Byen har kring 125 000 innbyggjarar.
Berdjansk | |||
Бердянськ | |||
by | |||
Store Dzendzyk-neset ved enden av Berdjanskneset i -Azovhavet | |||
|
|||
Land | Ukraina | ||
---|---|---|---|
Oblast | Zaporizjzjia oblast | ||
Rajon | Berdjansk bykommune | ||
Koordinatar | 46°45′0″N 36°47′0″E | ||
Areal | 82,65 km² | ||
Folketal | 123 000 | ||
Folketettleik | 1 488 / km² | ||
Grunnlagd | 1827 | ||
• Byrettar | 1835 | ||
Borgarmeister | Aleksej Bakaj | ||
Postnummer | 71100 | ||
Retningsnummer | +380-06153 | ||
Berdjansk 46.755555555556°N 36.788888888889°E | |||
Kart som viser Berdjansk.
| |||
Wikimedia Commons: Berdiansk | |||
Nettstad: v-berdyanske | |||
Berdjansk er i Ukraina kjend for hamna og industrien sin. Her ligg òg ein kurstad med gjørmebad og klimabehandling og har ei samanhengande badestrand på cirka 11 kilometer som tiltrekker seg mange turistar sommarstid, spesielt frå innlandet i Ukraina og frå Russland.
Byen vart grunnlagt i 1827 då fundamentet for ei ny hamn vart lagt. Han heitte då Berdy. Tre år seinare fekk byen namnet Novo-Nogaisk (Ny Nagoisk). I 1841 fekk byen det noverande namnet sitt etter elva Berda som renn ut i havet like ved. Mellom 1939 og 1958 heitte byen Osypenko, oppkalla etter den sovjetiske helten Polina Osypenko. Dette namnet er no brukt på ein av nabobyane, der Osypenko vart fødd. Osypenko var militær pilot og gjennomførte blant anna i 1938 den lengste samanhengande flyturen i verda til då.
Den mest kjende personen frå Berdjansk i dag er modellen og skodespelaren Olga Kurylenko, som blant anna er kjent som Bond-jente i filmen Quantum of Solace. Den belgiske proffsyklisten Igor Abakoumov er òg frå byen.
Berdjansk har tre venskapsbyar: Bielsko-Biala i Polen, Yambol i Bulgaria og La Seyne-sur-Meir i Frankrike.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.