Berbiske språk
From Wikipedia, the free encyclopedia
Berbiske språk (tamazight: tutlayin timaziɣin, skreve med tifinagh: ⵜⵓⵜⵍⴰⵢⵉⵏ ⵜⵉⵎⴰⵣⵉⵖⵉⵏ, fransk: langues berbères) er ei språkgruppe som høyrer inn under afroasiatiske språk. Dei ymse tamazightiske språka vert tala over heile Maghreb, frå Kanariøyane (no utd.) i vest, til Egypt i aust og Burkina Faso i sør.
Berbiske språk tutlayin timaziɣin | ||
Klassifisering | afroasiatiske språk berbiske språk | |
Bruk | ||
Tala i | Marokko, Algerie, Tunisia, Libya, Egypt, Niger, Mali, Tsjad, Burkina Faso og Frankrike. | |
Område | Magreb | |
Berbiske språktalande i alt | om lag 20-25 mill. | |
Rangering | — | |
Skriftsystem | Arabiske eller latinske bokstavar | |
Offisiell status | ||
Offisielt språk i | — | |
Normert av | — | |
Språkkodar | ||
ISO 639-2 | ber | |
I Europa vart ordet «berbar» ofte nytta.[1] Dette ordet stammar frå det greske ordet bárbaroi βάρβαροι, som opphavleg tydde utlending som tala eit uskjøneleg språk, men som etter kvart kom til å tyda ein ukulturert og/eller ukunnig person. Under romersk okkupasjon av Nord-Afrika vart ordet bárbaroi latinisert, til barbari. Då arabarane innvaderte Magreb, arabiserte dei ordet til al-barbar البربر, noko som franskmennene igjen galloiserte til berbères då dei okkuperte området.[treng kjelde]
Det er om lag 20–30 ulike språk i denne gruppa (litt etter korleis ein reknar), som for det meste ikkje er innbyrdes forståelege.