From Wikipedia, the free encyclopedia
Benjamin West (10. oktober 1738–11. mars 1820) var ein amerikansk-britisk målar, nærast sjølvlært.
Benjamin West | |
Statsborgarskap | USA |
Fødd | 10. oktober 1738 Springfield Township |
Død | |
Yrke | kunstmålar, bygningstegner |
Språk | engelsk |
Medlem av | Royal Academy of Arts, American Academy of Arts and Sciences |
Far | John West |
Mor | Sarah Pearson |
Ektefelle | Elizabeth Shewell West |
Benjamin West på Commons |
West var frå Springfield i Pennsylvania. Han oppheldt seg i Italia i 1760–1763, der han mottok impulsar frå Anton Raphael Mengs. I 1763 slo han seg ned i London som portrettmålar og var i 1768 medstiftar av Royal Academy of Arts. Då Joshua Reynolds døydde i 1792 vart han president for akademiet, ein posisjon han hadde til 1815.
Frå 1769 var West nær knytt til kong Georg III og utvikla seg etter kvart til den leiande innan historiemaleriet i England. I 1770 utførte han hovudverket General Wolfes død (Kensington Palace i London), som bana veg for det realistiske historiemaleriet. Dei seinare arbeida hans fekk ein nyklassisistisk karakter.
«Benjamin_West» i Store norske leksikon, snl.no.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.