Benguelastraumen
From Wikipedia, the free encyclopedia
Benguelastraumen er ein brei havstraum som går nordover i den austlege delen av den søratlantiske virvelen. Straumen strekkjer seg nordover frå om lag Cape Point i sør til Angola-Benguela-fronten i nord, kring 16 °S. Straumen vert hovudsakleg driven av den rådande søraustpassaten. På kystsida av Benguelastraumen, fører dei søraustlege vindane til oppvelling. Det kalde, næringsrike vatnet som vellar opp frå omkring 200-300 meter djupne fører til stor vekst av planteplankton, og opprettheld det produktive økosystemet i Benguela.