From Wikipedia, the free encyclopedia
Bartre (Pinophyta) er nakenfrøplantar som finst mest overalt i verda (unnateke polane, ørken og nokre øyer.) Bartrea er kjenneteikna av nål- eller skjelforma blad. Rekkja inneheld dei største, lengstlevande og høgste levande organismane i verda.
Bartre | |
Systematikk | |
Rike: | Planteriket Plantae |
Underrike: | Pteridobiotina |
Infrarike: | Streptophyta |
Overrekkje: | Cycadophytanae |
Rekkje: | Bartre Pinophyta Reveal, 1996 |
Det er ikkje fullstendig semje om den innbyrdes klassifiseringa av bartre. Alle er samde om at rekkja Pinophyta inneheld berre éin klasse, Pinopsida. Denne klassa har berre éin nolevande orden, Pinales, som inneheld seks eller sju familiar. Somme foreslår at familiane Taxaceae og Cephalotaxaceae skal vera i sin eigen orden.
Alle bartre har ved. Flestalle er tre, nokre få er buskar. Bartre har korkje blomar eller frukter i rett biologisk forståing, men dei hannlege og holege kjønnsorgana vert ofte omtalte som blomar, og arillus som blir danna kring frøet hjå somme artar (særleg barlindfamilien) er ofte kalla for frukt. Det er likevel viktig å skilja mellom desse sokalla blomane og fruktene og ekte blomar og frukter, som berre finst hjå dekkfrøplantar.
I likskap med andre nakefrøplanterekkjer er det relativt få bartreartar, ca. 600.
I Noreg finst ca. 30 bartreartar, frå ti slekter i tre familiar (barlindfamilien, furufamilien og sypressfamilien).
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.