Barokktrompet
From Wikipedia, the free encyclopedia
Barokktrompet eller clarino er ein type lang trompet utan ventilar. Han blei brukt frå 1500- til 1700-talet, under barokken, og i dag til å spela musikk frå denne tida. Dagens barokktrompet kan vera ein naturtrompet, eller han kan ha fingerhòl.
![Thumb image](http://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/e/ea/Baroque_repro_trumpet.jpeg/640px-Baroque_repro_trumpet.jpeg)
![Thumb image](http://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/e/e0/Eheiii.jpg/320px-Eheiii.jpg)
På barokktrompeten kunne ein berre spela ein overtoneserie. Ettersom overtonane kjem tettare jo høgare oppe i registeret ein speler, får ein nok tonar til å skapa melodiar om ein hell seg i det øvste registeret. Det er svært fysisk anstrengande å spela barokktrompet. I dag bruker ein gjerne trompetar med ekstra fingerhòl, eller speler musikk skriven for han på ein moderne trompet med ventilar.
Tyske Friedemann Immer er ein kjend utøvar av barokktrompet i moderne tid. I Noreg er Kristin Hetland ein prisbelønt utøvar av barokktrompet. Oslo musikk- og kulturskole gjev opplæring i barokktrompetspel i Noreg.