From Wikipedia, the free encyclopedia
Barentsburg (russisk Баренцбург) er ein gruveby på Svalbard med cirka 700 innbyggarar, russarar og ukrainarar. Byen er oppkalla etter oppdagaren Willem Barents. Barentsburg ligg om lag 40 kilometer frå Longyearbyen i luftlinje. Det er ingen vegar til mellom busetnadane på Svalbard, så skal ein reise dit frå Longyearbyen må ein anten nytte snøskuter om vinteren eller båt i den isfrie perioden. Heile året er det mogleg å bruke helikopter dit, det er ein mindre landingsplass på Kapp Heer rett utanfor byen.
Barentsburg | |||
busetnad | |||
Barentsburg sett frå Grønfjorden | |||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Areal | 2 km² | ||
Folketal | 471 (2015) | ||
Barentsburg 78.065°N 14.216°E | |||
Kart over Svalbard
| |||
Wikimedia Commons: Barentsburg | |||
Byen har hotell, forsamlingslokale, museum, idrettshall, symjebasseng og annan busetnad. Innbyggarane er til stor del sjølvforsynte med grønsaker frå eiget drivhus, og dei har au eiget fjøs. Det er norsk postkontor på hotellet.
Den klart dominerande arbeidsgivaren er det russiske gruveselskapet Trust Arktikogul. Dei fleste som arbeider i kolgruvene er ikkje russarar, men ukrainarar. Byen blei hardt ramma etter flyulykka på Operafjellet der besetninga og alle passasjerane, menn, kvinner og born, omkom.
Den russiske konsulen på Svalbard har kontor i Barentsburg. Samanlikna med norske tilhøve er det fattige tilstandar i byen, men det gis noko støtte frå Longyearbyen til innbyggjarane. Sysselmannen utøver politi- og domsmyndigheit som elles på Svalbard.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.