From Wikipedia, the free encyclopedia
Bakubukta er ei naturleg hamn på sørsida av Absjeronhalvøya i Kaspihavet i Aserbajdsjan. Byen Baku ligg langs heile bukta.
Bakubukta | |||
Utsyn over bukta frå åsen Bayil | |||
Land | Aserbajdsjan | ||
---|---|---|---|
Bakubukta 40.35°N 49.893333333333°E | |||
Wikimedia Commons: Baku Bay | |||
Ho har eit areal på 50 km² og ei kystlinje på 20 km. Bukta grensar til Sultanneset i aust, Sjikhneset i sørvest og øyane Qum, Dash Zira og Boyuk Zira i sør og søraust. Øyane er ein del av Bakuøyane som hovudsakleg ligg i bukta. Bulvar, bulevarden i Baku, går langs breidda av bukta. I kraftig vind kan bølgjene i bukta vere 1,5 meter høge.
Frå det første hundreåret til 600-talet var Bakubukta tørrlagd og øyane i bukta hang fast med fastlandet. På kart av Klaudios Ptolemaios så vart Baku skildra som langt frå sjøen. Etter 600-talet byrja vassnivået i Kaspihavet å stige fram til 800-talet, og sidan då har Bakubukta eksistert.[1] Store endringar skjedde mot slutten av 1300-talet då vassnivået i Kaspihavet steig med meir enn 10 meter. Mario Sanuto, ein italiensk geografi på 1400-talet skreiv at «Vassnivået i Kaspihavet stig kvart år og dei fleste byane er lagt under vatn.» I følgje geografen Abd ar-Rashid al-Bakuvi i 1403 hadde Kaspihavet lagt det meste av Baku under vatn og vatnet stod nær moskeen. På denne tida nådde vatnet fram til Jomfrutårnet. På denne tida vart Sabayil borg bygd på ei klippe i Bakubukta, totalt lagt under vatn. Dei neste 600 åra stod vassnivået høgt, fram til starten av 1900-talet då det igjen byrja å falle.
Staten har planar om å byggje den største bygningen i verda på ei kunstig øy i bukta, Aserbajdsjantårnet som visstnok skal få ei høgd på 1050 meter.[2]
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.