Baffinøya
From Wikipedia, the free encyclopedia
From Wikipedia, the free encyclopedia
Baffinøya er ei av dei arktiske øyane i det nordlege Canada i territoriet Nunavut. Ho er den største øya i Canada, og den femte største øya i verda, med eit areal på 507 451 km². Ho er dermed litt større enn Spania. Øya har ein folkesetnad på 11 000 (2004).
Baffinøya | |||
øy | |||
Land | Canada | ||
---|---|---|---|
Del av | Det kanadiske polararkipelet | ||
Areal | 507 451 km² | ||
Folketal | 13 148 (2016) | ||
Baffinøya 69°N 72°W | |||
Plasseringa av Baffinøya i Canada
| |||
Wikimedia Commons: Baffin Island | |||
Baffinøya er kalla opp etter den engelske oppdagaren William Baffin. Inuktitutnamnet hennar er Qikiqtaaluk,[1] som tyder 'veldig stor øy' (qikiqtaq, 'øy' og -aluk, 'veldig stor'), skrive ᕿᑭᖅᑖᓗᒃ med inuktitutskrift. Vikingane kalla øya for Helluland etter at ho vart oppdaga av Leiv Eriksson.
Øya er dekt av fjell og den høgaste toppen er Mount Blanche på 2 146 meter over havet. Ein annan og særprega fjelltopp er Mount Asgard på 2 011 moh. Iqaluit, som fram til 1987 heitte Frobisher Bay, er hovudstaden i Nunavut og ligg på sørkysten av øya.
Sør for øya ligg Hudsonsundet og Quebec på fastlandet. I aust ligg Davissundet og Baffinbukta og bortanfor der igjen ligg Grønland. I vest og i nord, Foxesjøen, Boothiabukta og Lancastersundet som skil Baffinøya frå resten av øyriket.
Største tettstader (2001):
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.