From Wikipedia, the free encyclopedia
Bacău (/ba'kəw/) er hovudstaden i Bacău fylke i Romania. Han har om lag 145 000 innbyggjarar og ligg i den historiske regionen Moldavia, ved foten av Karpatane og elva Bistrița. Like etter Bacău munnar elva ut i Siret. Gjennom Ghimeșpasset er Bacău knytt til Transilvania.
Bacău | |||
---|---|---|---|
| |||
Plassering | |||
Styresmakter | |||
Land | Romania | ||
Fylke | Bacău | ||
Først nemnd i | 1408 | ||
Borgarmeister | Romeo Stavarache | ||
Geografi | |||
Flatevidd - By |
43,1 km² | ||
Innbyggjarar[1] - Totalt (2021) - folketettleik |
136 087 3 157,5 /km² | ||
Koordinatar | 46°35′0″N 26°55′0″E | ||
Tidssone - Ved sommartid |
EET (UTC+2) EEST (UTC+3) | ||
Diverse annan informasjon | |||
Postnummer | 600xxx | ||
Retningsnummer (tlf) | +40 02 34 | ||
Bilnummer | BC | ||
Nettstad: municipiulbacau.ro |
Byen vart først nemnd i skriftlege kjelder i 1408 under regjeringstida til den moldaviske fyrsten Alexander den gode (Alexandru cel Bun). Opphavet til namnet er uklårt, men eit mogeleg opphav er at namnet kjem frå ein ungarsk krovert kalla Bakó, som visstnok hadde eit vertshus langs vegen frå Bacău til Roman. Ein annan teori er at namnet har slavisk opphav og viser til det urslaviske ordet byk, som tyder «okse».
Frå rundt 1591 til 1789 var byen sete for biskopen av Bacău, ei stilling som alltid vart halde av ein prest frå Det polsk-litauiske samveldet. Under den første verdskrigen og okkupasjonen av București av Sentralmaktene var Bacău hovudkvarteret for den rumenske hæren.
Bacău er ein municipiu (større bykommune) med den eine busetnaden:
Det blir arbeidd med å etablere eit storbyområde som er tenkt å omfatte Bacău, bykommunen Buhuși (oraș) og dei mindre kommunane (comună) Berești-Bistrița, Buhoci, Faraoani, Filipești, Gioseni, Hemeiuș, Itești, Izvoru Berheciului, Letea Veche, Luizi-Călugăra, Măgura, Mărgineni, Gârleni, Odobești, Prăjești, Sărata, Săucești, Secuieni, Tamași, Blăgești, Horgești og Traian.[3]
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.