![cover image](https://wikiwandv2-19431.kxcdn.com/_next/image?url=https://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/8/8e/Logo_Baby_Driver_rosa.svg/langnn-640px-Logo_Baby_Driver_rosa.svg.png&w=640&q=50)
Baby Driver
From Wikipedia, the free encyclopedia
Baby Driver er ein actionfilm frå 2017, skriven og regissert av Edgar Wright. Ansel Elgort speler hovudrolla som fluktsjåføren «Baby», som ønksjer å frigjera seg frå livet som kriminell saman med kjærasten Debora (Lily James). Kevin Spacey, Jon Hamm, Eiza González, Jamie Foxx og Jon Bernthal deltek i støtteroller. Eric Fellner og Working Title Films-partnaren Tim Bevan produserte Baby Driver i samarbeid med Nira Park frå Big Talk Productions. Sony og TriStar Pictures handsama den kommersielle distribusjonen av filmen. Baby Driver vart finansiert gjennom ei samproduksjonspakt mellom TriStar og MRC, i tillegg til skattesubsidiar frå dei statlege styresmaktene i Georgia.
![]() | |||
Regi | Edgar Wright ![]() | ||
Produsent(ar) | Tim Bevan ![]() | ||
Manus | Edgar Wright ![]() | ||
Medverkande | Ansel Elgort, Kevin Spacey, Lily James, Jon Bernthal, Jon Hamm, Jamie Foxx, Eiza González, CJ Jones ![]() | ||
Klipp | Paul Machliss ![]() | ||
Musikk | Steven Price ![]() | ||
Sjeffotograf | Bill Pope ![]() | ||
Produksjonsselskap | Big Talk Productions ![]() | ||
Distributør | TriStar Pictures, InterCom, Netflix, Hulu ![]() | ||
Utgjevingsdato | 28. juni 2017 (USA) | ||
Lengd | 113 minutt ![]() | ||
Opphavsland | Storbritannia, USA ![]() | ||
Språk | engelsk | ||
Inntening | 226,9 millionar USD | ||
Sjanger | krimkomedie, actionkomedie, eventyrfilm, actionfilm ![]() |
Wright utvikla Baby Driver over ein drygt tjueårs periode. Han kom på ideen i ungdommen, og dei tidlege erfaringane hans innan regi forma ytterlegare ambisjonane for Baby Driver. Filmen var opphavleg sett til Los Angeles, men Wright reviderte settinga til Atlanta og integrerte etosen til byen som ein del av forteljinga. Hovudfilminga vart utført i Atlanta i løpet av fire månader, frå februar til mai 2016. Produksjonen innebar planlegging av omhyggeleg koordinerte stunt, koreografi og kameraopptak. Kritikarar har gjort tematiske studiar av filmen, med vekt på bruken av fargesymbolikk og fokuset på utviklinga av moralen til hovudpersonen.
Baby Driver hadde premiere på South by Southwest-festivalen den 11. mars 2017, og vart utgjeven i Nord-Amerika og i Storbritannia den 28. juni. Filmen fekk positiv mottaking i pressa for gjennomføringa og stilen, sjølv om karakteriseringa og manuskriptet fekk sporadisk kritikk. National Board of Review valde Baby Driver som ein av toppfilmane i 2017. Filmen tente inn 226 millionar US-dollar internasjonalt, styrkt av positiv folkeleg omtale og avtakande interesse for blockbuster-filmar. Baby Driver vart nominert til ei rekkje prisar, inkludert tre Oscar-prisar, to BAFTA Film Awards (vann prisen for redigering), to Critics' Choice Awards (vann nok ein pris for redigering) og ein Golden Globe Award, i tillegg til fleire andre prisar, hovudsakleg for den tekniske prestasjonen. Suksessen til Baby Driver har auka studiointeressa i å produsera ein oppfølgjar.