Baby, Please Don't Go
From Wikipedia, the free encyclopedia
«Baby, Please Don't Go» er ein tradisjonell bluessong som vart gjort populær av Delta blues-musikaren Big Joe Williams i 1935. Det følgde mange andre versjonar, som førte til skildra av songen som «ein av dei mest spelte, arrangerte og omarrangertre songane i blueshistoria» av den franske musikkhistorikaren Gérard Herzhaft.[1]
Baby, Please Don't Go Singel av Joe Williams' Washboard Blues Singers | ||
B-side |
Wild Cow Blues | |
---|---|---|
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 1935 | |
Innspelt | Chicago, 31. oktober 1935 | |
Sjanger | Blues | |
Lengd | 3:22 | |
Selskap | Bluebird | |
Komponist | Big Joe Williams | |
Tekstforfattar | Big Joe Williams | |
Låtskrivar(ar) | Tradisjonell (J. Williams oppført på plata) | |
Produsent | Lester Melrose | |
Etter andre verdskrigen tilpassa Chicago blues- og rhythm and blues-artistar songen til nyare musikkstilar. I 1952 nådde ein doo-wop-versjon av The Orioles topp ti på R&B-lista. I 1953 spelte Muddy Waters inn songen som eit elektrisk bluesstykke med Chicago-ensemble, noko som påverka mange seinare tolkingar. Ved byrjinga av 1950-åra vart songen ein bluesstandard.
I 1960-åra vart «Baby, Please Don't Go» ein populær rocklåt etter at den nordirske gruppa Them spelte han inn i 1964. Jimmy Page, ein studiogitarist på den tida, deltok i innspelinga, kanskje på rytmegitar. Seinare gjorde Them sitt uptempo rockarrangement han òg til ein rockestandard. AC/DC og Aerosmith er blant rockegruppene som har spelt inn songen. «Baby, Please Don't Go» er innlemma i både Blues- og Rock and Roll Hall of Fame.