norsk energiselskap From Wikipedia, the free encyclopedia
Eviny (tidlegare BKK; Bergenshalvøens Kommunale Kraftselskap) er det største kraftlaget på Vestlandet, og det femte største kraftlaget i Noreg. Kraftlaget driv produksjon, overføring og sal av elektrisk kraft. I tillegg har verksemda dei siste åra satsa på nye tenester som telefoni og breiband. Eviny hadde i 2005 ei omsetning på 3,29 milliardar kroner, og eit overskot på 1,44 milliardar kroner. Administrerande direktør er Ketil Tømmernes.
Eviny | |||
| |||
Org.form | Aksjeselskap | ||
---|---|---|---|
Org.nr. | 880309102 | ||
Skipa | 17. november 1998 | ||
Eigar | Statkraft Industrial Holding, Bergen kommune, Øygarden kommune, Alver kommune, Askøy kommune, Sunnfjord kommune, Kvinnherad kommune, Kvam herad, Voss herad, Fjaler kommune, Austrheim kommune, Hyllestad kommune, Vaksdal kommune, Gulen kommune, Solund kommune, Høyanger kommune, Fedje kommune, Masfjorden kommune | ||
Dotterselskap | BKK Nett | ||
Eigenandel i | Sunnhordland Kraftlag[1] | ||
Hovudkontor | Bergen | ||
Land | Noreg | ||
Adm.dir. | Kristine Aadland (2023) | ||
Nettstad | https://www.eviny.no/ |
Eviny vart skipa 2. juni 1920, etter nokre års strid mellom landkommunane og Bergen om vassdragsrettane til Bergsdalsvassdraget. Den første utbygginga Eviny gjennomførte, var utbygginga av nettopp dette vassdraget, som vart økonomisk mogleg gjennom eit svært heldig dollarlån - der kraftlaget tente gode pengar på stigande kronekurs.
Eviny har kraftverk og eigarinteresser i følgjande vassdrag.
I Samnanger kommune, Hordaland. Opphavleg utbygd av Bergen Lysverker (oppkjøpt av Eviny i 1996).
I Masfjorden kommune, Hordaland og Høyanger kommune, Sogn og Fjordane.
I Voss, Vaksdal og Modalen kommunar, Hordaland og Vik kommune, Sogn og Fjordane.
I Modalen kommune, Hordaland, Vik kommune og Høyanger kommune, Sogn og Fjordane.
I tillegg kjem mindre kraftverk og vassdrag, samt andre kraftverk der Eviny berre har eigarinteresser, mellom anna Sima kraftverk i Eidfjord kommune.
Samla årsproduksjon for Eviny var i 2005 6500 GWh.
Eviny er eigd av kommunar og fylkeskommunar i Hordaland. Statkraft har dei siste åra kjøpt seg opp ved å kjøpe aksjar frå mellom anna Os kommune.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.