![cover image](https://wikiwandv2-19431.kxcdn.com/_next/image?url=https://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/2/24/Surroundings_of_the_village_Lazo_%25281980%2529._%252823725644044%2529.jpg/640px-Surroundings_of_the_village_Lazo_%25281980%2529._%252823725644044%2529.jpg&w=640&q=50)
Bălțisteppa
From Wikipedia, the free encyclopedia
Bălțisteppa (rumensk Stepa Bălțiului) er ei vid trelaus slette nord i Moldova, Ho har namn etter byen Bălţi.
Kjappe fakta Land ...
Bălțisteppa | |||
slette | |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
![]() Bălțisteppa 47.76666667°N 27.83333333°E / 47.76666667; 27.83333333 |
Lukk
Ho dekkjer eit område på 1 920 km², der 2,7 % (51,1 km²) av ho er dekt av skog.[1] Sletta er dominert av gras og kratt med svart jordsmonn innimellom kalla svartjord. Det einaste skogområde ligg langs elvane Dnestr og Răut.
Steppa ligg mellom 150 og 200 meter over havet[2] og har ustabile årstider med generelt særs varme somrar og kalde vintrar.
På 400-talet fvt. vitja Herodotos området mellom dei to elvane Dnster og Prut og skildra det som «ei slette med djup svartjord, rik på gras og godt vatna». Naturressursane frå Bălțisteppa har alltid trekt til seg nomadar, som ofte har drive bort dei innfødde.